Jan Emblemsvåg har i eit indignert innlegg påstått at alt eg skreiv i ein kronikk i Sunnmørsposten om atomkremmarar og atomlobbyistar er feil. Eg forstår at han kjenner seg treft av å bli rekna som atomkremmar, og for meg framstår han også som atomlobbyist.
Om han er registrert i EUs lobbyregister er mindre relevant. Han driv uansett atompåverknad på mange plan og på mange arenaer. Og du skal ikkje ha lese mykje av Emblemsvåg før du forstår at denne mannen tar aldri feil, i alle fall ikkje om atomkraft.
Les også
Tvilsom journalistikk om kjernekraft
Elles er eg nokså overraska over at Emblemsvåg vel å framheve at eg har min bakgrunn frå media og journalistikk og prøver å bruke det som argument for å undergrave mitt truverde. Emblemsvåg sjølv har utdanning som maskiningeniør og han får sjølv gjere greie for kor mange atomkraftverk han har bygd og drifta. I eit innlegg i Universitetsavisa har Emblemsvåg understreka kor viktig det er at mange ulike fagområde engasjerer seg i atomkraftdebatten, og eg er heilt samd i at atomkraft er alt for viktig til å bli overlatt til teknokratiske maskinistar. Min inngang til desse spørsmåla er at dette handlar om offentleg debatt og påverknad gjennom media og den offentlege opinionen der atomkraftforkjemparane lovar langt, langt meir enn dei vil klare å halde. Så eg er både skuffa og overraska over at det i den "nye" debatten om atomkraft dei to siste åra stort berre har vorte presentert luftige atomslott og alt for lite harde realitetar om dei unike utfordringane ved atomkraft: Økonomiske, tekniske, helsemessige, tryggleik og terrorismefare.
Ein av Emblemsvågs kategoriske påstandar er at det skal byggast kanskje så mange som 100 små atomkraftverk (SMR) i Polen. No har eg budd i Polen mesteparten av det siste halvåret og har følgt med på debatten der. Det er rett at den forrige polske regjeringa teikna ein intensjonsavtale om å bygge SMR-kraftverk få dagar etter at den måtte gå av etter valnederlaget i fjor haust. Det statleg kontrollerte engergiselskapet Orlen er partnar i prosjektet. Den nye regjeringa sa med ein gong at SMR-avtalen ville dei sjå kritisk på. Blant anna hadde det ikkje vorte gjort tryggleiksvurderingar av prosjektet. Med ny regjering har det også kome ny leiing i Orlen. Om prosjektet skulle bli gjennomført så kan det i beste fall stå ferdig i 2037, og all erfaring med denne typen atomprosjekt er at dei nesten aldri held korkje tidsplan eller budsjett. Så Emblemsvåg har liten grunn til å vere skråsikker euforisk og tru at Polen som landet som skal betale for den store risikoen ved å betale for den første serien av eksperimentelle SMR-kraftverk.
Eitt ord som Emblemsvåg og hans meiningsfeller helst unngår i debatten er plutonium. Plutonium er eitt av dei giftigaste stoffa vi veit om, og samtidig kjekt å ha for dei som vil lage ei atombombe eller ti. Og plutonium må lagrast trygt i mange 10.000 år. Det som lite framme i debatten er at atomkraftverk produserer plutonium som ein form for avfall, og SMR-kraftverka vil truleg produsere meir og ikkje mindre plutonium enn dagens kraftverk. Plutoniumsavfallet blir gjerne omtala som og forskjønna til "kjernebrensel", som i framtida kan brukast på nytt og på nytt.
Å vere ærleg også om atomkraftas særs problematiske sider er det minste ein må forlange av ein debattant - eller lobbyist.
Debatt-tråd
Atomkremmeriet: Atomkraftverk på kvart nes? - Johann Roppen, Sunnmørsposten – 21. mars 2024
Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 26.mars 2024
Les også
Tvilsom journalistikk om kjernekraft
Tilsvar fra professor Johann Roppen – KSU.NO – 05. april 2024
Les også
Atomlobbyisten som aldri tek feil?
Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 07. april 2024
Les også
Det grønne skiftet er så krevende at vi må ta fakta til hjelp
Tilsvar fra professor Johann Roppen – KSU.NO – 19. april 2024
Les også
Usjarmerande sjonglering med atomfakta
Tilsvar fra professor Jan Emblemsvåg – KSU.NO – 23. april 2024
Les også
Ny runde med påstander og lite fakta