Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Tove Regine Stranden og Kristin Øksenvåg
Ytring
05 april 2024 13:18
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar gjer det godt på gjennomføring. Det betyr at dei har funne gode tiltak som fungerer i skolen, og at dei har gode lag rundt ungdommane. Samtidig ser vi ei uro i ungdomskulturen, og gjennom Elevundersøkinga rapporterer fleire ungdommar om mobbing og manglande motivasjon. For å sikre god gjennomføring i vidaregåande opplæring også dei neste åra, så må vi bevare dei gode laga – også i strammare økonomiske tider.

Laget rundt eleven

Mange skolar har gjennom år bygd opp elevtenester og gode støttesystem for elevane som skal gi heilskapleg og god hjelp til dei som opplever skolen som utfordrande eller vanskeleg av ulike grunnar. Laget rundt elevane er samansett av tilsette med ulik kompetanse for at ungdommane skal oppleve tryggleik og støtte til å fullføre vidaregåande opplæring. Gode lag rundt elevane er kjenneteikna av tverrfagleg og god kompetanse, trygge og varme vaksne og tid til å samarbeide. Det tek tid å bygge gode lag, med felles elevsyn og et felles kunnskapsgrunnlag. Tala frå Elevundersøkinga ved Atlanten vidaregåande skole viser at det nytter å satse på miljøarbeid (Tk.no, 20.02.24). Omboda for barn og unge i Møre og Romsdal erfarer at gode lag rundt elevane er heilt avgjerande for å lykkes med å etablere tryggleik og opplevingar av meistring for elevar som opplev skolen som utfordrande.

Annonse
Annonse

Laget rundt elevane MÅ bli skjerma i arbeidet med innsparingane!

Følge med og fange opp

En viktig del av laget rundt elevane er de vaksne som er ute i klasserommet, i korridorane og på uteområdet. I tillegg til undervisning, så skal dei følge med og fange opp korleis elever har det i skolekvardagen. Trygge og tydelege vaksne er eit av de viktigaste verkemidla for å forebygge mobbing og utanforskap, og for å følgje opp ungdom som står i fare for falle ut av opplæringa og av fellesskapet. Det krev at dei vaksne i skolen har nok tid til å bygge gode relasjonar til og mellom elevane, og at dei har tid og kompetanse til å jobbe med trygge og gode læringsmiljø i klassene og på skolen. Omboda etterspør alltid dette arbeidet når vi blir involvert i saker som omhandlar utrygge miljø og mobbing i skolen.

Annonse
Annonse

Uro i ungdomskulturen

Fleire ungdommar enn tidlegare melder blant anna gjennom Ungdata-undersøkinga at dei opplever meir utfordringar knytt til psykisk helse, negativt stress og press. Folkehelseundersøkinga for Møre og Romsdal 2023 viser at mange ungdommar opplev einsemd og talet på unge uføre er aukande. I media og gjennom ulike fagmiljø blir bekymringar knytt både til rusbruk, auke i vald blant ungdommar og meir fråvær frå grunnskolen løfta fram. Dette vitnar om ei uro i ungdomskulturen, og ungdommane sitt behov for støtte gjennom ei krevjande tid er kanskje enda større. Derfor ønsker omboda for barn og unge i Møre og Romsdal å komme med en klar oppmoding til politikarane som nå skal avgjere korleis innsparingane i fylkeskommunen skal fordelast: Ta vare på laget rundt elevane - dei treng god støtte i ei elles uroleg tid!

Av:
Mobbeombodet for barnehagar og grunnskole i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg
Elev- og lærlingombod for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, Tove Regine Stranden

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø Nylig Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrE39 er en riksvei. Det er ikke opp til Molde kommune å bygge nytt fergeleie, dette er statens oppgave. Og ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøKS2 Vik til Molde bygger på ei kalkyle der Julsundbrua skal koste 8,8 mrd 2022 kroner og P50.  Tidlegast oppstart ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrDa synes vi å være enige om at Nye Veier AS sin årlige pott ikke påvirkes av tildelingen til Statens ...
Geir Ole Sætremyr 10 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøRyfast,  ferdig i 2019, med sine 14,7 km kosta 8 mrd. Rogfast med sine 27 km er etter siste estimat forventa ...
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøDu er framleis I drømmeland.Summen til vegformål i NTP tilsvarer 19 mrd pr år. Alt inkludert.Nye veier vart unnfanga av ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrI prinsippet spiser alle prosjekter - helse, forsvar, utdanning, samferdsel, etc. – fra samme kake. Men Nye Veier AS får ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse