Eg har skrive og sendt inn min fyrste interpellasjon og har fremja forslag om at fylkeskommunen må ta sitt ansvar og nytte meir norsk mat. Dette gjeld til dømes på ferjer, i skulekantiner og på politiske møte.
Meir norsk mat i fylkeskommunen
Det er ein svært alvorlege situasjonen i norsk landbruk. Over to gardsbruk blir lagt ned kvar dag, fleire tusen mål matjord vert øydelagt årleg og ei heil næring står på randen av kollaps. Frp har vore med og styrt landbrukspolitikken dei siste åtte åra, og resultatet av den er ei sultefôra næring, eit bondeopprør og eit samla landbruk som krev kursendring sporenstreks. Om ikkje vert det fatalt. Med ein krig i Europa har norsk matproduksjon kanskje aldri vore viktigare.
Å høyre Frp snakke om landbrukspolitikken sin er i beste fall komisk. Frp er partiet som vil avvikle konsesjons- og buplikta, fjerne odelsretten, oppheve kvoteordningane, la marknaden styre pris og produksjon og slutte med jordbruksforhandlingar. Det vil i praksis bety kroken på døra for norsk landbruk slik vi kjenner det i dag. Små- og mellomstore bruk vil bli lagt ned til fordel for ei handfull gigantgardar på Austlandet. Noko levande landbruk i Møre og Romsdal kan vi berre drøyme om.
Sjølv er eg odelsjente på ein bratt vestlandsgard med 100 vinterfôra sauer, 15 høner og nokre grisar som vi slaktar til jul. Dei bratte fjella som stupar ned i ein turkis fjord, det grøne graset som lyser opp grenda, dyr som går fritt rundt og latter på verandaen til kveldssola tek oss er tilsynelatande både instavennleg og harmonisk. Men bak den idylliske vestlandsdraumen ligg fleirfaldige timar med arbeid gjennom generasjonar, ugunstige arbeidstider, null ferie og så elendig løn at berre dei mest ihuga idealistar så vidt orkar å stå i det. Alt for å sikre mat til befolkninga og å halde ved like kulturlandskapet. Kvifor vil Frp gjere vilkåra endå dårlegare og legge ned denne viktige næring?
I motsetnad til Frp ser Senterpartiet meininga med landbruk i heile landet, også i vårt fylke. Då trengs det ei endring no. Inntektsgapet må tettast, dei ekstraordinære utgiftene bøndene har fått må kompenserast og vi må gjere det føreseieleg og trygt for unge bønder å ta over gardar. Frp ropar høgt og prøvar å vere populistiske i staden for å snakke om sin eigen landbrukspolitikk som dei svart på kvitt har gått til val på: i praksis ei nedlegging av landbruket i Møre og Romsdal.