Annonse
KSU – Vipps – desktop
Heidi-Iren Wedlog Olsen
Ytring
Heidi-Iren Wedlog Olsen
29 juni 2020 09:41
Del på Facebook
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne våren har kulturlivet i fylket hatt harde kår. Som følge av koronakrisa vart ei rekke arrangement avlyst eller utsett etter pålegg eller råd frå helsemyndigheitene.

Ei undersøking viser at fleire i kulturlivet er bekymra for både medlemsflukt og økonomiske vanskar, men òg at kommunane i fylket har sett i verk ei rekke tiltak for å redusere belastninga kulturlivet er utsett for.

Økonomiske vanskar og medlemsflukt

Fylkeskommunen gjennomførte i mai ei kartlegging av kommunale koronatiltak, og mellom anna korleis det frivillige kultur- og idrettslivet i fylket vart ramma av koronatiltaka.

Mange av aktørane har mista inntekta og er bekymra for framtida – særleg med omsyn til at medlemmane skal melde seg ut og at det skal vere vanskeleg å rekruttere nye. 

Dei økonomiske konsekvensane og bekymringane i kulturlivet er knytt til tapte inntekter i forbindelse med utleige av lokale, sviktande sponsormidlar, samt små og store inntektsgjevande arrangement. Trass i desse bekymringane, hadde ingen av kommunane motteke tilbakemeldingar om nedlegging av drift på intervjutidspunktet. 

Den siste tida har mange barn og unge i fylket også stått utan tilbod om fritidsaktivitetar. Fleire av dei som deltok i undersøkinga var bekymra for at dette skal føre til både medlemsflukt og rekrutteringsvanskar for dei frivillige kulturorganisasjonane og negative konsekvensar for barn og unge som no står utan tilbod. 

I denne ekstraordinære situasjonen, er det gledeleg å sjå at kulturlivet har kommunane i ryggen.

Aktive og tilpassingsdyktige kommunar

Undersøkinga viser at kommunane har satt i verk fleire ulike tiltak for å avgrense dei økonomiske skadeverknadane i kulturlivet, trass i at pandemien og smitteverntiltaka har ført til ei stor belastning for kommunane.

Det er verdt å merke seg at alle kommunane i undersøkinga har betalt ut alle dei budsjetterte kulturmidlane, sjølv om kommunane er påført ei stor økonomisk belastning i denne perioden. Nærmare halvparten av kommunane har også gjort endringar i korleis ein søker på, fordeler og utbetalar kulturmidlane. Søknadsfristar er utvida, og det er lagt opp  til rask sakshandsaming. Gjennom slike tiltak bidrar kommunane til å sikre inntekt til både små og store kulturaktørar i regionen. Dei fleste kommunane har unnlate å krevje betaling frå lag og organisasjonar for bruk av offentlege lokalar, og to kommunar kan vise til at det er etablert eigne støtteordningar der kulturlivet i kommunane kan søke om midlar.

Kommunane satsar digitalt

Meir enn ein tredjedel av kommunane fortel at dei har bidratt, planlegg å bidra til eller ønsker å bidra til digital formidling av kultur i sin kommune. To kommunar har etablert og driftar ein eigen plattform for digital formidling av kultur. Plattformene har vore mykje brukt. Ein av kommunane kan vise til at dei digitale arrangementa har samla inn nærmare 100 000 kroner som vil gå tilbake til kulturlivet i kommunen.

I fleire av kommunane som har støtta digitale formidlingstiltak, har det vore eit bevisst mål om å sysselsette profesjonelle aktørar som eksempelvis lyd/lydteknikarar i en periode med få eller ingen oppdrag.

Den digitale satsinga ser ut til å fortsette også neste år. Nærare en tredjedel av kommunane fortel at dei har planer om auka bruk av digitale møter med kulturfrivilligheita og digitale arrangement. Nokon vurderer òg å halde fram med å tilby digital undervisning i kulturskulen for dei elevane som ønsker det.

Kommunane vel å halde fram med digitale eller del-digitale arrangement – der publikum kan vere til stades både fysisk og digitalt – av fleire årsaker. Mange av kommunane antar at dei noverande smittevernstiltaka vil vere langvarige, og at ein gjennom digitale arrangement kan gi eit tilbod til flest mogleg. Samstundes kan ein gjennom digitale arrangement nå målgrupper som heller ikkje til vanleg ville vore i stand til å delta på sosiale arrangement. Høve til å delta digitalt – også når smittevernstiltak ikkje lengre er nødvendige – vil vere til glede for desse gruppene. 

Mange av kommunane har òg gjort ein stor innsats for å vidareformidle informasjon om dei fylkeskommunale støtteordningane og tiltakspakkane for kulturlivet i denne perioden.

Rekordstor krisepakke frå fylkeskommunen

I mai lanserte fylkeskommunen sju støtteordningar på totalt 22 mill. kr for kulturlivet. Ordningane gir støtte til digital formidling av kunst og kultur, bevaring og restaurering av kulturminne, fartøyvern, skjøtsel av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde, samt kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar. Ordningane gir også kompensasjon for tapte inntekter ved avlyste eller flytta arrangement, samt tapte leigeinntekter.

I alt fekk fylkeskommunen 257 søknadar. Formålet med dei fylkeskommunale ordningane har vore å redusere og kompensere for skadeverknadane av pandemien, men også å sikre aktivitet og sysselsetting på sikt. Målretta og gjenoppbyggande tiltak vil vere viktig i tida framover. Vi vil halde fram med å følgje situasjonen nøye.

Satsingsområde for tida framover

Sjølv om det no er gjennomført ei rekke tiltak for å redusere den første bølga av skadeverknader, må  vi no rette blikket framover og tenke på korleis vi kan hjelpe kulturlivet å opne igjen og slik bidra til  at vi fortsett har eit rikt kulturliv i Møre og Romsdal. Kommunane som deltok i undersøkinga gav tilbakemelding at spesielt fire område er viktige. Desse er:

Økonomiske tiltak
Det vil framleis vere behov for kompensasjon for tapte inntekter, også etter 15. juni. Ein må derfor få på plass langsiktige og betre økonomiske tiltakspakkar for tapte inntekter.

Lokale og retningslinjer
Det er behov for å utarbeide tydelege retningslinjer for publikumsarrangement, og å gi kulturlivet tilgang til trygge lokale med tydelege retningslinjer for smittevern ved bruk.

Medlemsfråfall
Ein må stimulere til nyrekruttering og til å hindre fråfall blant barn og unge i idretten og kulturlivet elles. I tillegg må ein gi kulturlivet moglegheit til å starte opp igjen så fort som mogleg, fordi desto lengre dette varer, desto større er sjansen for at organisasjonane legg ned drifta.

Publikumstiltak
For å sikre at publikum kjem tilbake når forholda tillèt det må ein klare å trygge publikum med tanke på smittefare og smittevern, og sørge for at innbyggarane beheld interessa for kulturtilboda i kommunane.

Mange i kulturlivet vårt ser med stor uro framtidige kostnader og konsekvensar av vedvarande smitterverntiltak. Desse fire hovudpunkta er gode vegvisarar for retningsval i framtida. Medan dei første tiltaka frå offentlege styresmakter i stor grad har hatt søkelys på å kompensere for inntektsbortfall, er tida koma for meir målretta og gjenoppbyggande tiltak. Slik mange kommunar i Møre og Romsdal allereie har gjort, og som vi håpar dei vil halde fram med.

Fakta

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomførte i veke 19–21 ei undersøking av kommunane i fylket. Målet med undersøkinga var å kartlegge korleis kulturlivet i kommunane så langt er påverka av koronaviruset og kva slags tiltak som er redusert er sett i verk for å redusere verknadane av situasjonen. Av fylkets 26 kommunar, deltok 23 i undersøkinga.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 21 timer siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse