Fylkesrådmannen skal stoppe det meste av samferdselsbygging, kva i all verdens rike skal fylke då med dei 133 stillingane dei overtok frå Statens vegvesen?
Alle kommunar og næringslivet ellers i fylket sliter voldsomt med bakgrunn i regjeringa sin handlingslamma politikk.
Kommunane må kutte stillingar og oppsigelsar i privat næringsliv er resultatet etter dagens regjering.
Straumprissne har gått fullstendig «bananas» drivstoffprisane til himmels og skatterekord, grunnrenteskatt i julegave frå Vedum og Støre gjer vondt værre.
Men, Møre og Romsdal fylkeskommune lever i «sus og i dus»!
Sist år med ca. 400 mill kr i overskot og no ligg ein ann til ca. 200 mill kr i overskot i 2022.
Fylket renner over av byråkrater, og det er fantastisk når fylkesrådmannen ikkje kuttar eit komma i eigne rekker, medan arbeidsoppgavene blir tatt vekk.
Kva skal dei då drive med var mitt spørsmål i fylkestinget?
Men, dette vart for hard kost for raudingane som sjølvsagt ikkje kan kutte eit tøddel i byråkratiet, men kutte ferjetilbudet rundt omkring i fylket er heilt greit.
Arbeidsgjevarrolla var viktig meinte enkelte frå Ap, politikarane har etter ny kommunelov kun arbeidsgjevaransvaret for fylkeskommunedirektøren, absolutt ingen andre.
Kvar eg logikken, kutte i viktig infrastruktur for vanlige folk og næringslivet medan fylket set med haugevis av byråkratar ein ikkje har behov for?
Vi ser forøvrig det same i frå Sp, Ap og SV i regjering, som kuttar absolutt alt anna og aukar skattane til himmels, men rasjonaliserer og kuttar ikkje ei kr i offentleg sektor.
Vi trenger no ei alvorleg «slanking» av fylkeshuset på Molde, administrasjonen må være i takt med verkelegheita.
Når investeringane skal kuttast kraftig ned, må også ant stillingar i dei ulike sektorene gjere det same, nemleg kuttast kraftig ned.
Offentleg slik som fylkeskommunen forbrukar midlane som privat næringsliv skapar, såleis må det stillast strenge krav til pengebruken og effektivitet.
FrP meiner fylkeskommunen burde vore lagt ned. Istaden ser vi at raudingane sørger for at fylkeskommunen eser ut med byråkratar og millionane flagrar.
Så igjen, kva skal byråkratiet på fylkeshuset i Molde styre med, når samferdselsbygginga og framtidige investeringar omtrent skal stoppast heilt opp?