Annonse
Annonse
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Møre og Romsdal er landets største ferjefylke med 24 ferjestrekningar, som i realiteten er landets dyraste bompengar.

Med bakgrunn i at vi alt har ei betydeleg belastning med dei dyre ferjene, vert det totalt uaktuelt at vårt næringsliv og innbyggjarane skal betale bompengar gjennom bypakkar og vegsystem inn mot byane.

Frå før bygg vi vegar og skal byggje fleire store prosjekt her i fylket heilt utan bompengar. Dette har vi i FrP klart å presse igjennom i regjering, og no står arbeidet framføre oss til å få fjerna planane om bompengar på fleire prosjekt.

– Bypakkane som gedigne bompengepakkar skal stoppast.

Uansett om Høgre, KrF og Venstre gjerne ynskjer bompengar mot folk og næringslivet si vilje, har vi i FrP tenkt å kjempe innad i regjeringa og på Stortinget for å kunne stoppe desse bypakkane, og byggje både Lerstadvegen og Lønset-Hjelset utan bompengar.

Eit svært viktig og reelt argument for dette, er at vi alt har for sterk kostnadsbelastning gjennom ferjebetalinga på våre fylkes- og riksvegar.

Så burde folk flest forstå at ei stemme til Ap, Sp, SV og MDG, er enda meir og høgare ferjekostnadar, samt haugevis med bompengar.

Ikkje eit bompengeprosjekt har desse partia stemt imot, og dei er ansvarlege for planane om bypakkar både i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Sp her i fylket snakkar varmt om ferjene og ropar om lågare ferjekostnadar, men vi har prenta fast i minnet Sp og Liv Signe Navarsete som i regjering pressa alle riksvegane og ferjene over frå staten til fylka, utan å kompensere dette økonomisk.

– Sp seier ein ting, og gjer noko heilt anna i posisjon!

Det er kun FrP som parti her i Møre og Romsdal som har klart å gjere ein forskjell ang bompengar, og klart å stoppe denne usosiale ekstraskatten som bompengar faktisk er!

Du må være logget inn for å kommentere.


Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Kristiansundskalenderen 2022
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Hva i all verden har Arbeiderpartiet mot norsk natur?"Hva i all verden har Rødt mot norske industriarbeidere?" Slik spør Per ...
Bjørn Nøstvold 2 dager siden Norges hemningsløse eksport av strøm inn i EU
Så enig.Veien ut av dette er ved neste korsvei å støtte partier som vil det annerledes. En finner de stort ...
Øyvind Hoksnes 2 dager siden Det einaste som er destruktivt er Møreaksen!
@Petter E. OlsenSå du vil ordne med altfor djup tunnel som ikkje blir godkjent etter dagens standard samt i tillegg bygge Kjerringsundet ...
Kl. 08:10: Bedriftsbesøk hos eSEA Marine AS i Kristiansund. Offshorebedrift som blant annet jobber med å hente opp avfall frå ...
Geir Gerhard Greger 10 dager siden Grødahl: – Flott at Geir engasjerer seg
Hei, Arne. Tusen takk for oppklaring og svar på mitt innlegg. Jeg hadde ikke fått med meg at kirurgien skal forsette ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i større format og valg av periode. Her vil du også kunne finne tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte