Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
19 juli 2019 12:45
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

« Når vi ser kva Ola Borten Moe og Kristin Sørheim i SP seier om framdrifta for Møreaksen, bleiknar håpet om støtte derifrå for utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen»

Rett og slett skremmande, var det å sjå intervjuet i Romsdals Budstikke med SP sin nestleiar Ola Borten Moe og Kristin Sørheim ang framdrift og opphausing av Møreaksen.

Begge desse to frå SP veit at dagens Nasjonale transportplan er vedteken fram til ny plan vert presentert til ny behandling i Stortinget i 2021.

Fram til då ligger Møreaksen i NTP i siste periode, frå 2024-2031 og er overhode ikkje på nokon som helst måte fullfinansiert med sine 6 milliard kr av 37 milliard kr i totalkostnad.

Skal ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen kunne bli gjennomført, må fylkestinget gjere eit vedtak om dette etter valget i haust, der dei ber om dette til regjeringa, som igjen kan bringe dette inn for stortinget til ny NTP- behandling.

«At SP og Kristin Sørheim heile tida har forsøkt å få sitt parti med på ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen veit vi godt, men det er no svært trist å sjå at Sørheim no klart og tydeleg vert sett på plass av sin eigen nestleiar i partiet sentralt»

SP kan altså ikkje i denne saka «spele på to hestar»  - og det er dessverre trist å sjå at dette partiet ikkje ynskjer å lytte til både næringsliv og innbyggjarar her i fylket, og faktisk utgreie reelt flytebruer og Romsdalsaksen.

Møre og Romsdal FrP vil derimot fortsatt arbeide for ei utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen for kryssing av Romsdalsfjorden.

Vi har fortsatt eit godt håp om at fylkestinget etter valet kan få eit fleirtal for ei likeverdig utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen.

Fram til dette prosjektet kan kome igang, vert det viktig å få på plass den 5 ferja over Molde- Vestnes, samt auka frekvens og styrka nattilbod for både dette sambandet og ferjesambanda til Midsund og Aukra.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 45 minutter siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår går holdbarhetsdatoen for KS2-analysen ut?
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKva blir totalkostnaden for å bygge strekninga Vik til Molde?
Terje Sundsbø 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrNår går holdbarhetsdatoen på en KS2-analyse ut?
Terje Sundsbø 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEn KS2-analyse fra mars 2023 er ikke utgått på dato. Listhaug (Frp) har jo klaget på omfanget av offentlige utredninger. ...
Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHadde det hatt sitt utspring forbi andres lepper, men eg takkar glatt nei for din smiger. Useriøs som du er.SVV ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse