Ynskjer dokke ein fylkesordførar frå Sp, der sentrale delar av deira parti vil ha Møreaksen?
På Syltemartnan i helga, var 2. kandidaten til Sp til fylkestinget, Geir Inge Lien klokkeklar på at han ynskjer Møreaksen. Det same har andre også tydeleg signalisert.
Kristin Sørheim forsøker febrilsk å framføre at Sp vil ha utgreiing av Romsdalsaksen, som eit ledd i å «redde» valget. Men kan vi stole på Sp når deira ordførar både i Vestnes, Stranda og Midsund hardnakka støttar Møreaksen?
Når eg på Syltemartnan i debatten, stod og såg kor «sinte» Sp-folket i salen var når vi snakka om Romsdalsaksen, slo det meg at Sp-leiinga garantert «seiler under falsk flagg».
Aldri i verden om Sørheim klarer å styre Sp-gruppa til å stemme for noko anna enn Møreaksen, og det bør dei fleste vere klar over.
Ei stemme til Sp i fylkestingsvalget, er nok med stor sansynlegheit ei klar stemme til Møreaksen, dessverre.
FrP kjem til å gjere det vi kan for å skaffe eit så stort fleirtal som råd for å få utgreidd Romsdalsaksen, flytebruer eller fortsatt ferjer.
Vi legg ellers merke til at fleire begynner å verkeleg få kalde føter, når konsekvensane av å leggje E39 gjennom Molde by no kjem klart fram.
Den enklaste måten til å hindre ei rasering av dei flotte områda inn mot Molde by, er å velge Romsdalsaksen.