Annonse
Redaksjonen
Artikkel
Redaksjonen
08 april 2020 13:49
Del på Facebook
Foto: Møreog Romsdal Fylke / FRAM
Foto: Møreog Romsdal Fylke / FRAM
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På bakgrunn av at myndighetene gikk ut 7. april med at koronatiltakene skal fortsette å gjelde etter påske, blir kollektivtilbudet i Møre og Romsdal redusert fra 14. april. 

- Vi har no fått ein god del erfaringar gjennom om lag ein månad med koronatiltak. Vi ser at talet på reisande er svært lågt, og må derfor tilpasse tilbodet ytterlegare frå 14. april, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar for drift i FRAM.

Bruk reiseplanleggaren for oppdatert ruteinformasjon

Vi oppmodar publikum til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og inne i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon. Det er òg mogleg å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteopplysingar.

Bussane

Etter påske vil bussane køyre med det tilbodet som normalt gjeld på sommaren og skolefri, med nokre få unntak.

I Ålesund, Giske og Sula vil bussane køyre med tilbodet som på sommaren, med unntak av:

  • rute 633/634 Moa-Lerstad-Sentrum-Akvarium som vil køyre til/frå Osane og ikkje til/frå Atlanterhavsparken.

I Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla vil bussane òg køyre som på sommaren, men med nokre unntak. Publikum bør vere ekstra merksame på å sjekke endringane for desse rutene:

  • 811 Kristiansund-Bolga-Flatøy
  • 812 Kristiansund-Kvalvåg-Flatøy
  • 821 Kristiansund-Tustna-Aure får nokre korrigerte avgangar på grunn av at B-ferja er tatt ut
  • rutene 831 Veiholmen-Hopen-Nordvika-Straumen-Edøya og 832 Hopen-Straumen får nokre færre avgangar på grunn av hurtigbåten mellom Kanestraum og Kristiansund vil bussen køyre som på skoledagar.

For rute 901 FRAM Ekspress Kristiansund-Oppdal blir delstrekninga mellom Sunndalsøra og Oppdal teken ut på avgangane kor toget frå Oslo er innstilt.

I Molde, Gjemnes, Hustadvika og Aukra vil òg bussane køyre med tilbodet som på sommaren.

For Rauma, Vestnes og Skåla vil alle rutene køyre som ved dagar med skolefri.

For Sunnmøre nord vil rutene køyre som ved dagar med skolefri, med unntak av desse rutene: 

  • 230 Brattvåg-Ålesund
  • 231 Brattvåg-Skjeltene-Brattvåg
  • 233 Nogva-Haram-Austnes
  • 237 Skodje-Ålesund

Desse rutene over vil bli køyrt med eit rutetilbod som på sommaren.

For Sunnmøre sør vil rutene òg køyre som ved dagar med skolefri, med unntak av rute 250 Ålesund-Sykkylven-Stranda-Hellesylt-Stryn som får endringar på to avgangar.

Hurtigbåtane

Når det gjeld hurtigbåtane vil det bli redusert i avgangane for rute 23 Langevåg-Ålesund. På kvardagane vil hurtigbåten gå som vanleg fram til og med avgangen klokka 08.00 frå Langevåg. Etter dette blir det avgangar kvar heile time frå Langevåg fram til og med kl. 15.00. Frå og med kl. 15.30 blir det vanlege avgangar resten av dagen. På laurdagar blir avgangane innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med bussen på strekninga Langevågen-Moa-Ålesund.

For hurtigbåten 39 Molde-Vestnes-Sekken vil avgangane frå Molde i perioden mellom klokka 07.50 og kl. 15.30 vere innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med ferje over fjorden.

Ferjene

For fylkesvegferjene vil det i tillegg til reduksjonane som allereie gjeld, bli færre avgangar frå formiddagen og ut kvelden for rutene 02 Årvika-Koparneset, 16 Standal-Trandal (avgangar på signal), 30 Solholmen-Mordalsvågen, 31 Aukra-Hollingsholmen og 46 Kvanne-Rykkjem etter påske.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse