Annonse
Redaksjonen
Artikkel
Redaksjonen
13 desember 2023 11:27
Del på Facebook
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vet du hva en kavlveg, ei skinnbrok, en frukthage og en fotograf har til felles? Dei er alle del av den nye boka til Nordmørsmusea som nå er ute!

– Dette og mye mer kan du lese om i den aller første boka til Nordmørsmusea, en bok skrevet av dyktige fagfolk ved museet, sier Eigunn Stav Sætre, direktør for Nordmørsmusea.

– Du kan glede deg deg til et spennende møte med nordmørsk kulturarv fra ulike perspektiv og vi håper at du, som vi, vil oppdage og gjenoppdage spennende deler av den rikholdige kulturarven vår i denne boka. Som ein liten smakebit legger vi ved forordet og håper du lar deg friste til å dykke ned i historien sammen med oss. Boka er i salg hos bokhandlere, på julearrangementene våre og på vår nettside, sier Stav Sætre videre.

Årets artikler er skrevet av ansatte ved Nordmørsmusea, og redaktør er forsker ved museet, Jon Eikrem. Artiklene er skrevet på nynorsk, bokmål eller svensk utifra forfattar.

Utgivar: Nordmørsmusea AS. Grafisk form: Silje Nes, Stipla. Produsent: Skald AS.

Fra forordet:

Kva er det nordmørske?

Er det eit talemål eller eit skriftspråk? Eit folkeferd eller lynne? Er det noko som skjedde for 200 år sidan, nokon som kom hit i fjor, ein veg over ei myr, eit fotografi, ei båtreise eller kanskje ei gammal skinnbrok? Er det du og eg og dei som kjem etter oss? Er det dei som var her før oss?

Eller er det lov å tenkje at det nordmørske er noko underleg, omskifteleg og endringsvillig, ei kjensle like mykje om ein ting, noko immaterielt i følgje med det handfaste? Då er det ikkje lenger berre ein stad innanfor ei grense som er absolutt i tid og rom. Det er noko meir, det er eit spor attende i tid, ein stad vi står og ein veg vi skal vere med på å bygge framfor oss. Ein levande arv vi sjølv er med på å forme i all tid framover.

Det er eit stort og omgripande samfunnsansvar vi tek på oss i Nordmørsmusea. Etter meir enn 20 år i prosess har vi no endeleg landa som eitt samla regionsmuseum, og har i oppdrag å ta hand om, forske på, formidle, samle på og utvikle den nordmørske kulturarven. Vi skal finne fram til og tolke det som har hendt, korleis det vart gjort, kva som vart skapt og ikkje minst; kvifor. Vi sorterer arkiv, digitaliserer foto, dokumenterer, analyserer og rapporterer. Og i alt det vi gjer har vi eit hovudmål; å bidra til å skape eit betre samfunn etter oss, basert på det vi veit og det vi kan. Å sikre at kunnskap ikkje går tapt og at vi kan gjere oss nytte av han i ettertida. Å stille dei rette spørsmåla.

Heilt i kjernen av museet sitt oppdrag ligg ansvaret for å utvikle ny kunnskap om det nordmørske, og å gjere denne tilgjengeleg for alle. Det har vi teke på alvor i denne første publikasjonen til Nordmørsmusea. Vi gler oss til å møte deg på desse sidene. For det er i møte med deg at kunnskapen vår kjem til liv, vert relevant og kanskje endåtil utfordra. Slik utviklar vi kunnskapen vår vidare, ikkje berre i møte med fag og forskning, men i møte med deg som publikum. Her møter du ord om folk, gjenstander, stader og hendinger som fortel noko om den nordmørske historia – ei historie, eit minne og ein arv som er vår i fellesskap, og som fleire fortener å vite meir om.

Vi har i år starta breidt med eit tverrsnitt frå denne kulturarven, og ønsker å presentere deg for ulike sider av det nordmørske. Felles for alle artiklane er at dei er skrivne av oss som jobbar i Nordmørsmusea, og dei tek for seg ulike innfallsvinklar for å skildre det nordmørske. For vi undrar oss også over kvar vi kjem frå, kven vi var, kvar vi er no, kvar vi skal og kanskje aller mest; korleis skal vi komme oss dit? Noko kan det vere du kjenner att, noko er kanskje nytt og alt dette er ditt, om du kjenner deg som ein nordmøring eller ikkje.

Les det i ditt eige lys. Vi håper du undrar deg slik som vi gjer over alt det makelause og forunderlege, og samstundes heilt opplagte vi finn fram til, gjennom materiell, immateriell, uttalt, nedskrive og handlingsboren kunnskap. Ein kunnskap som gjev oss kraft til å bere utviklinga ilag for å skape eit samfunn for framtida.

Vi har alt teke opp pennen for å skrive neste års bok, og håper å møte deg att der. I mellomtida ønsker vi deg god lesning!

Beste helsing
Eigunn Stav Sætre
Direktør
Nordmørsmusea

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse