Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
01 juli 2024 15:03
Del på Facebook
Med Torbjørn på plakaten vart det folksamt rundt borda på sjøbruksmuseet. Foto: Bernt Bøe
Med Torbjørn på plakaten vart det folksamt rundt borda på sjøbruksmuseet. Foto: Bernt Bøe

Gi mannen ordet, og du får ei oppleving. Det bekrefta eit fullsett museum i Bøfjorden søndag.

Mannen er Torbjørn Brøske – presten, «landkrabben» eller «heimfødingen», som han kalla seg.

Annonse
Annonse

Kåseriet med glimt frå smått og stort frå eit langt liv gav attkjenning og aha-opplevingar med fortløpande respons frå dei rundt 60 i salen.

Humor og livsalvor

Lattersalvene stod i taket, avløyst av nikkande ettertanke. Her kom ikkje tomme vitsar, under den smittande humoren hos Torbjørn gjenkjente vi eit livsalvor som utfordrar tanken. Dette menneskenære og aktuelle kan minne om likningane i ei viss bok som prestane brukar!

Mellom vabein og skutemodellar på museet erkjente han «landkrabben» i seg. Jau, gutane i Stangvikbukta leika nok at pramma var Kvenna-ferja, med tønneband som ratt. Men historier om forlis på fjorden skapte otte for sjøen.

Martin Stokken og keeper Svensson

Derimot var han fenga av idrettsheltane på 1950-talet. I tallause langrennsrundar rundt tunet i utlampljøset heime «var» han Martin Stokken og «slo» både Heikki Hasu og Mora-Nisse.

– Men hoppe på ski kunne eg ikkje. Eg berre «rente over hoppen» og kom 3-4 meter, smilte han og glytta bort på Martinus Kvendset ved vindusbordet. Martinus hadde pers på minst 50 meter, fekk vi høre.

Blant fotballheltar henta Torbjørn fram mange, som Harry Boye Karlsen og Sveriges landslagskeeper, den fattige torpar-sønnen Kalle Svensson.

Fotball av avispapir

Hans eigen fotballkarriere starta med ballar av avispapir surra med snøre, laga av Romsdalspost og Verdens Gang som far Trygve abonnerte på. Papirballane varte knapt dagen ut, men dei var lette å dempe. – Første ballen med blære og luft inni var eit sjokk, fortalte Torbjørn. – Den spratt jo opp og ned i det uendelege og var umuleg å få kontroll på!

Annonse
Annonse

Søya-minne

Muntre minne frå IL Søya sin glansdagar skapte mange nikk rundt borda. Her samspela Torbjørn med Lars Moøy. – Lars var allveg best, sjøl om han ikkje var på banen, som avis skreiv! Han trena endatil med vekter, av springvassrør med sementfylte bilfelgar utpå!

Ein god kåsør samtalar gjerne med sitt publikum. Alf Engdal og Torbjørn hugsa i fellesskap friske kampar mellom Bøfjord og Søya på 60-talet.

Skepsis

Stangvik krets hadde ikkje bane – med tre fotballag, hugsa Torbjørn. – No er det fleire banar, men ikkje lag!

Trua på fotballen har han eientleg mista. Svimlande profflønner og press på ungane våre om å koma med på aldersbestemte eller bli avviste, stilte kåsøren seg sterkt skeptisk til – og fekk støtte i salen.

Av tankevekkande poeng fram midt i eit flanerande kåseri var også skulestart det året ungane fyller 6. – Det skaper ein stor forskjell på dei som er fødde på nyåret og dei som er mesta året yngre, poengeterte Torbjørn. – Her har også forskarane nyleg ropa varsko!

Prest heime og ute

Torbjørn var sokneprest i Surnadal frå 1987 til 1996. Deretter følgde 14 år som sjømannsprest – i Stockholm, San Francisco og Paris.

Som pensjonist har han vikariert i periodar både for sjømannskyrkja (Norsk kirke i utlandet) – mellom anna på Gran Canaria – og i Den norske kyrkja (Kristiansund, Tingvoll, Halsa og i heimkommunen Surnadal). Seinast i vår fullførte han konfirmantundervisninga i Stangvik, Todalen og Åsskard.

Både gripande og muntre minne frå prestetenesta utgjorde siste del av eit kåseri som baud på glitrande humor og gripande ettertanke.

Kåsøren serverte djupe refleksjonar og lett humor i fin dosering. Foto: Bernt Bøe

Fortent takk og stor applaus etter munter sluttreplikk! Foto: Gerd Anny Gjengstø

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøBudsjetter var på ca 110 mill. Det som er gjennomført er fakturert md 56 mill. Du får gå til postjournalen ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor i tildelingsbrevet til SVV finnes det opplysninger om at strekningen Ålesund-Vestnes i utviklingsporteføljen ikke rammes av samme økonomitørke ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøUoppfordra?Du har på innpust og utpust promotert Vik til Molde  med ukritisk oppstart i Molde.  Der ligg ein grunnleggende ide om ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu har uoppfordret spredt din kunnskap fra siste tildelingsbrev om strekningen Vik-Molde. Hvorfor vil du ikke dele samme kunnskap ...
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu har ikkje lest dokumentet med vedlegg.
Terje Sundsbø 17 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEr sjikane normal respons fra Naturvernforbundet? Hva med å gjøre et forsøk på å besvare spørsmålet?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse