Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
09 juli 2024 10:10
Del på Facebook
Randi Bøe «plasserte» lærar Aalmo ved hans eige kateter, som no er bevart på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Foto: Bernt Bøe
Randi Bøe «plasserte» lærar Aalmo ved hans eige kateter, som no er bevart på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Foto: Bernt Bøe

Mange i bygdene våre fortener ære for det dei har skapt. Søndag henta Bøfjorden Historielag nokre slike fram i lyset.

Mest ære til Bøfjord-læraren og idealisten Ole Aalmo (1861-1943): Han drog i gang skyttarlag, to misjonforeiningar og to fråhaldslag, stod i spissen for meieriet, var første poststyraren – og bygda sin lærar i bortimot 20 år.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Publikum på museet fekk både ny kunnskap og kunne bekrefte mykje dei visste om denne kulturpioneren. Gammelonkel-barna Berit og John Aresvik kom frå Aure og møtte opp.

Skyttarlaget og Krag’en

Hjelmen Skytterlag er no i sitt 137. år, aktivt og modernisert, med toppnamn som Eline Lillegård i rekkene. Ho følgjer stadig opp pioneren, som stifta laget i 1888 og som demonstrerte Krag Jørgensen-geværet ved å skyte ned ein ørne på flukt over fjorden!

At han i sin iver heldt skyteopplæring i skuletida, førte til reprimande frå tilsynsutvalget ved skulen. Men den stod han av.

Fråhaldssak og post

Som ivrig fråhaldstalar drog Aalmo heile Nordmøre rundt med lysbildeforedrag (alt i 1890-åra!) og organiserte fullasta passasjerskip til demonstrasjonstog i Kristiansund.

Han stempla første brevet på Bøfjorden postkontor laurdag 1. juli 1889 og styrte dette heilt til 1903, da han flytta og unge Marie Skrøvset overtok jobben.

Meieri og misjon

For Bøfjordens Meieri var han administrator, førte rekneskap og sørga for eksport av bøfjordsk smør til Faber & Son Ltd i Newcastle!

Også misjonsfolket hadde ein fin støttespelar i lærar Aalmo. Han drog i gang Bøfjordens Missionsforening i 1884 og Heggems Kvindeforening i 1892.

Kvinnene sette spor

Men rett skal vera rett: Han stod ikkje åleine i kulturarbeidet. Nokre kvinneprofilar på eit misjonsfoto frå 1943 vart trekte fram i programmet. Trass i store barneflokkar og tunge arbeidskår sette dei spor det står respekt av.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Mellom desse var nibarns-mora Johanne Settem på Moen. Ho var dotter av det høvedsmannen Gammel-Ingbrekt og det legendariske arbeidsjarnet Jørri i Bøklepplykkja. Johanne og dei ti søskena representerte sterke drag av livet langs fjorden.

Historiene om Guro Grøtan (1849-1955) er mange. I si tid var ho landets eldste og vart som 105-åring flott portrettert i bladet Alle Kvinner. Guro hadde sin eigen reknemåte: – Om fjortendagar er det treveker til kua mi skal bera!

Frå Sjølgjetla til Cuba

Maret Kalset var frå den karrige plassen Sjølgjetla – der altså dyra «gjette-seg-sjøl». Ikkje dess mindre vart sønnen Fredrik norsk attaché og konsul på Cuba – der han vanka blant verdensnamn og var dus med sjølvaste Ernest Hemingway!

Eventyrperle frå Sollia

På misjonsbiletet frå 1934 sit også Maret Olsdotter Sollid – som er kjelda til ei perle i norsk eventyrlitteratur. Folkeminnesamlaren Edvard Langset skreiv 1920 ned «Guten i gadden» etter henne. Dette eksempelet på unik forteljekunst finst ikkje andre stader i landet. Så da Det Norske Samlaget gav ut serien Norsk Eventyrbibliotek rundt 1970, fekk eine bindet nettopp tittelen «Guten i gadden»: Maret kunne ta plass i var nasjonale litteratur!

Missionsauktion anno 1884

Med kvinneforeininga si møtebok frå 1884 som manus dramatiserte skuleelevar frå Bøfjorden i 1986 ein typisk misjonsauksjon på Aalmo si tid. Biletserien frå dette prosjektet, innifletta fleire samtidige drama, avrunda søndagens museumsprogram.

Jau, dei som bygde land og levevis, fortener sin plass i lyset!

Historielagsleiar Bernt Bøe presenterte kulturmannen Ole Aalmo med glimt av det han utretta i Bøfjorden – frå skyttarsak til misjon. Foto: Randi BøeHistorielagsleiar Bernt Bøe presenterte kulturmannen Ole Aalmo med glimt av det han utretta i Bøfjorden – frå skyttarsak til misjon. Foto: Randi Bøe

Augusta (7) og mormor Randi med samlinga «Guten i gadden». Namnet er etter eventyret frå Sollia og Dalabakken, som Maret Sollid skaffa plass i norsk eventyrlitteratur. (Maret kan skimtast i venstre kant på misjonsbiletet frå 1934.) Foto: Bernt BøeAugusta (7) og mormor Randi med samlinga «Guten i gadden». Namnet er etter eventyret frå Sollia og Dalabakken, som Maret Sollid skaffa plass i norsk eventyrlitteratur. (Maret kan skimtast i venstre kant på misjonsbiletet frå 1934.) Foto: Bernt Bøe

Under biletkåseriet – her med historikk om Hjelmen Skyttarlag. Foto: Randi BøeUnder biletkåseriet – her med historikk om Hjelmen Skyttarlag. Foto: Randi Bøe

Frå skuleprosjektet «Missionsauktion» (1986). Veteran og vertinne Kristine Heggem saman med elevane Tanja Heggem (t.v., barnebarn av Kristine) og Elin Bøklepp. Foto: Bernt Bøe 1986Frå skuleprosjektet «Missionsauktion» (1986). Veteran og vertinne Kristine Heggem saman med elevane Tanja Heggem (t.v., barnebarn av Kristine) og Elin Bøklepp. Foto: Bernt Bøe 1986

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøGrunnideen for fergefri E39 har vel aldri vore å skaffe fergefri veg til æøyane på Romsfalskysten. Det er blitt ein ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrDu fortsetter med dine stadige avsporinger og unnamanøvre. Dette rokker jo ikke ved min påstand: Både Sunnmøre og Nordmøre ...
Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøEg har aldri hevda at der ligg ei løyving på bordet. KS2 er bestilt av Finansdepartementet som naudsynt underlag for ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Geir Ole SætremyrJeg tror du blander hummer og kanari - Møreaksen/Kjerringsundet har ikke fått bevilget fergeavløsningsmidler. Dine avledningsmanøvrer er litt for åpenbare.Konklusjonen ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Anne Mari SandshamnDet samme gjelder fergen Dryna-Brattvåg, som for all framtid vil være fergesamband den veien. Og den fergen er langt dårligere ...
Anne Mari Sandshamn 17 timer siden Østlandet får for mye av samferdselsmidlene
@Terje SundsbøOk, skjønner hva du mener.  det at Finnøy har blitt landfast er en naturlig del av moloen som knytter den ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse