Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
10 september 2024 20:44
Del på Facebook
Åsskard Bygdekvinnelag viste – og serverte – markens grøde. Frå venstre Johanne Holten, Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Allis Bæverfjord. Foto: Bernt Bøe
Åsskard Bygdekvinnelag viste – og serverte – markens grøde. Frå venstre Johanne Holten, Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Allis Bæverfjord. Foto: Bernt Bøe

Det lille ordet «Takk» var tråden gjennom søndagens gudsteneste i Åsskard.

Hausttakkefesten i ei vakkert pynta kyrkje starta med jubeltonar og to barnedåp. Vesle Ingrid og Julian vart nye medlemmar i sine respektive menigheter. Den store oppslutninga frå familiane var med og fylte benkane.

Annonse
Annonse

Nye konfirmantar

Presentasjonen av åtte nye konfirmantar sette også preg på dagen. Ada, Elida, Emilie, May Hilde, Solvor, Syver, Levion og Varg vil vera i folkets omtanke og vil bidra aktivt til levande gudstenester i tida framover. Attåt desse blir Bastian (busett i Asker) konfirmert i Åsskard til våren. Kvar av desse ni vart løfta fram i forbøna og vart helsa av dagens korgruppe med Bjerkrheim-songen «Gud har ein plan med ditt liv.»

Viktig og rett

I preika framheva prost Vidar Rygh kor viktig og rett det er å takke i alle livets samanhengar. Bibeltekstene understreka det same, spontant oppfølgd av salmar som «O store Gud», «Nå la oss takke Gud» og «O Jesus, åpne du mitt øye»,

Akkompagnert av orgelstykket «Bruremarsj på Innlandet» gav forsamlinga sitt takkoffer - denne gong til «Redd Barna».

Lokale ressursar i kyrkja

Etter nattverd og sluttsalme vart det servert kaffe med tilbehør i Kyrkjestua. Både kyrkjekaffen og den flotte pyntinga med frukt, grønt, blomster og vakkert haustlauv var det kyrkja sin trufaste støttespelar Åsskard Bygdekvinnelag som stod for. Så fin dekorasjon ser ein sjeldan i andre kyrkjer.

Annonse
Annonse

På denne og andre måtar har bygdekvinnelaget i alle år vist eksemplarisk utslag av frivillighet i kyrkja. Dette viser at menighetene har store ressursar som kanskje ikkje slepp til ofte nok - i gudstenester og andre samanhengar. Som ein medlem av Todalen sokneråd sa ein gong: - Bruk oss. Om ikkje alle er andaktshaldarar, vil vi gjerne bidra i kyrkja med det andre vi kan!

Dagens kyrkjetenar var Tor Rune Halset – med assistanse av Kay Arne Svensli. Det vart sørga for streaming av hauttakkefesten i Åsskard på youtube-nettet.

Ingrid blir døypt. Foto: Bernt BøeIngrid blir døypt. Foto: Bernt Bøe

Julian blir døypt. Foto: Bernt BøeJulian blir døypt. Foto: Bernt Bøe

D WEDHFJNBV25374

E ASDHJNM258987

F WGFJMH8756

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDet er vel nettopp reduksjon av trafikken i Ålesundstunellane som er saken.Ekspressbusser korresponderer med fergene utan ventetid, begge retninger. Prioritert ...
@Geir Ole SætremyrDu mener det er viktig å unngå økning i trafikken. Da gjelder det vel å unngå den enorme trafikkøkningen i ...
@Terje SundsbøNår det gjeld Møreaksen har vi i våre høyringar gått i rette med SVV sine prognoser der trafikken i eit ...
@Geir Ole SætremyrØkt trafikk er vel et problem også når det skjer på Sunnmøre. Siden vi nå kommenterer en artikkel om Møreaksen, ...
@Terje SundsbøDet tendensiøs er at du linker alt opp mot Møreaksen for å implementere det i vidare tankerekke.Økt trafikk er eit ...
@Geir Ole SætremyrHva mener du når du hevder at mitt spørsmål er tendensiøst - det er jo svært likt det du selv ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse