Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
28 mars 2020 23:12
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Hjelper ingen å knabbe 40 arbeidsplassar frå Molde, og flytte desse til Kristiansund, korleis er det mulig å framvise så manglande dømmekraft ved å kome med slike saker akkurat no?

Vist skal vi satse på Campus Kristiansund og nye arbeidsplassar dit, men dette kan ikkje gjennomførast ved å svekke arbeidslivet andre stadar i fylket, midt opp i landets mest alvorlege krise som har vore sidan krigen.

Møre og Romsdal FrP har fremma fleire framlegg om å nytte det gedigne overskotet i fylket på 313,5 mill kr, til å styrke både Vidaregåande skular, ferje, bussdrifta og auka næringsutvikling. Vi fremma også framlegg om at saka ang flytting av 40 arbeidsplassar frå Molde måtte sendast attende til fylkesutvalget med ei konsekvensanalyse for Molde, men vart stemt ned.

«Alt dette for døve øyrer til Kristin Sørheim som dikterar alle framlegga til Sp, Høgre, Ap, SV, V, MDG og KrF her i fylket». Til og med Anders Riise i Høgre stemte imot vårt forslag, kun Torgeir Dahl såg ut til å vere «våken» i dette møtet.

Vi har ved fleire høver vist til at fylkeskommunale arbeidsplassar til Kristiansund og Ålesund, kunne gjennomførast ved å lyse ut nye stillingar. Berre innan samferdsel har fylket i det siste tilsett mengder med stillingar i prosessen ved overtakinga av 133 stillingsheimlar frå Statens vegvesen.

I dagens koronasituasjon bør fylket bruke midlar frå overskotet til å finansiere ny aktivitet i Campus Kristiansund, og såleis ikkje røyve arbeidsplassane i Molde. Det er ikkje tida for å angripe arbeidsplassar verken i Molde eller andre stadar i fylket.

Regional utviklingsaktør

Møre og Romsdal fylke vart eigen region etter regionsreforma, og skal ha oppgåva med å utvikle samfunnet i heile fylket. Midlane som fylket mottek frå staten og frå skattar og avgifter, skal brukast til å utvikle næringslivet i heile fylket og gje gode tjenester til innbyggjarane.

Fylkets oppgåver

Kva er fylkets hovudoppgåver?

Vidaregåande skular og dette tjenesteområdet står for mellom 40-50 prosent av budsjettet til fylkeskommunen. «I ein alvorleg koronasituasjon, velger Sp, Høgre, Ap, SV, KrF, V, og MdG, å gjennomføre kutt innan dei vidaregåande skular på heile 45 mill kr i 2020».

Dette er titals på titals med lærerstillinger som går tapt her i fylket der mengder med familier vert ramma, og ei kraftig nedeskalering av arbeidsplassar og tjenestetilbodet innan skulane her i fylket.

Sjølv etter kraftige protestar frå alle skuleorganisasjonar, der alle forlanger at overskotet på heile 313,5 mill kr skal gå til innbyggjarane og elevane sitt beste, velger Sørheim og co. å «latte att øyrene».

Rett og slett berre trist, og det politiske fleirtalet her i fylket meinar vist at, «når alle har det vanskeleg, skal det berre bli betydeleg verre»

Samferdsel

Eit folkekrav om kutt i ferjekostnadar har vorte skap her i fylket, og dette etter at det politiske fleirtalet i fylket igjen har gjort det, «vanskeleg, til betydeleg verre». Midt i koronakrisa der folket her i fylket blir permiterte og er redde for hus og heim, og næringslivet sliter kraftig, presterar altså den politiske leiinga her i fylket å auke ferjeprisane med meir enn 50 prosent.

«Sørheim og co. snakka om å kutte ei takstsone, men når rekneskapssaka kom til fylkesutvalget denne veka, vedtok alle desse partia inkl Høgre, at ikkje ei einaste kr skal brukast til å kutte ferjekostnadar». Ei protestgruppe er etablert på Facebook med eit ferjeopprør mot auka ferjekostnadar. No ser derimot mottoet ut til å vere, «Stakkars fylket som med ein bunnsolid økonomi med landets største overskot på 313,5 mill kr, så må sjølvsagt Staten forstå at fylkeskommunen må ha enda fleire millionar til å leggje på gedigne fond».

Dei uttalte akkurat no i eit innlegg, med eit krav om at, «Regjeringen setter fylkeskommunene i stand til å sette ned takstene på fylkesveiferjene tilsvarende som på riksveiferjene». Dette altså no i ein situasjon som syner at fylkeskommunen er alt anna enn «sveltefora» men har istaden eit gedigent overskot i drifta.

Når har denne protestgruppa tenkt å stille dei nødvendige krava til fylkeskommunen og Kristin Sørheim og co.? Kvifor skal fylkeskommunen få meir pengar frå staten, når fylket ikkje brukar pengane dei faktisk får til tjenesteproduksjon til innbyggjarane og næringslivet?

Arbeidsplassar og tiltak i koronakrisa

Eg stilte eit konkret spørsmål til fylkesordførar om kva fylket hadde tenkt å bidra med, for å hjelpe våre innbyggjarar og næringslivet.

«Svaret frå Torve vart stort sett med null i innhold, ganske forståeleg med bakgrunn i at fylkesutvalget sitt møte var over, og ikkje ei kr av overskotet på heile 313,5 mill kr vart tenkt brukt til å skape auka aktivitet her i fylket».

Møre og Romsdal FrP krev at alle politiske parti her i fylket, tar eit seriøst ansvar for å hjelpe til med positive tiltak for innbyggjarane og næringslivet her i fylket. Dette kan gjennonførast slik til dømes Trøndelag fylkeskommune har foreslått, ved:

  • Igangsetting og bygging av alle mindre prosjekt som er «gryteklare» innan ei ekstraramme på 100 mill kr.
  • Reversering av kutt innan vidaregåande skular, og sørge for å hindre oppsigelser av lærarar.
  • Bruk av Regional og næringstilskudd til prosjekt i kommunane som kan skape auka aktivitet og arbeidsplassar. Dette spesielt retta mot reiselivsnæringa.
  • Vedta kutt i ferjetakstane med minst 2 takstsoner.

Stortinget og regjering har vore tydelege på at krisehåndtering og kostnadane til kommunane og fylka skal kompenserast. Det skulle berre mangle, men då må også fylkeskommunen tørre å vere leiarar i ei alvorleg krisetid, og faktisk vise handlekraft og bry seg om sine innbyggjarar og vårt næringsliv.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 17 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse