Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kristin Sørheim
Ytring
Kristin Sørheim
08 juni 2020 19:49
Del på Facebook
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Senterpartiet
Kristin Sørheim, leder i samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke. Foto: Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar fra Kristin Sørheim på Frank Sve sitt innlegg «Sp og Kristin Sørheim, for Vindmøller?» publisert 08.06.2020.

«Skal ein vite kva SP og Kristin Sørheim eigentlig meiner, så må ein velje stikk motsatt av det som blir sagt», og påstår at vi har lova gratis ferjer men har auka ferjeprisane til himmels etter valget, lova lokal vetorett for vindmøller, stemmer imot STOPP vindmøllene på Haramsfjellet, lovar kamp for bøndene, lovpriser MDG og kjøttskam her i fylket.»

Alle desse tre eksempla er reinhekla løgn, det veit Frank Sve, så eg skal ikkje kommentere anna enn akkurat vindmøllene på Haramsøya.

Senterpartiet fremma i 2019 forslag om at kommunane skulle ha veto i saker om vindkraftutbygging. Dette fekk ikkje fleirtal. Verken regjeringa, med FrP i spissen, eller AP vil gje kommunane vetorett. SP i fylket har eintydig sagt at vi er imot vindkraftanlegget på Haramsøya, vi var forslagsstillarar i fylkesutvalet, vi har hatt god kontakt med stortingsgruppa vår. Det er løgn at vi har «instruert» eller bede SP på Stortinget til å stemme imot forslaget frå FrP, vi har bede om støtte. Det er heller ikkje sant at SP har stemt imot FrP-forslaget om å stoppe vindkraftutbygging i saker som skal opp for domsstolane. Saka skal behandlast i Stortinget seinare denne veka, og av vår Stortingsgruppe i morgon.

Det er ein usikker veg for vindkraftmotstandarane å gå rettens veg, og det bør vere unødvendig. Om og kvar ein skal bygge ut vindkraft er og bør vere ei politisk avgjerd. Eg meiner det var mogleg å stoppe akkurat denne saka og imøtekomme klagen frå eit samrøystes Haram kommunestyre og fylkesutvalet for olje- og energiministrane frå FrP, Freiberg og Listhaug, eventuelt med settestatsråd for Listhaug. Det gjorde dei ikkje. FrP stemte også imot lokal vetorett i 2019. Men seier dei er for det no. I alle fall i Møre og Romsdal.

Ein stor del av utbygde vindkrafta i Norge er i dag finansiert og eigd av private, og for ein stor del av utanlandske interessentar. Senterpartiet vil ha ei heimfallsordning for vindkraft slik det i dag er for vasskraft. Kanskje er det rett å vurdere ein naturressursskatt på vindkraft, som kjem kommunane til gode. Slik det er i dag, er det småsummar som blir gjeve til kommunane som kompensasjon for arealbruken og ulempene.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse