Annonse
Marit Nerås Krogsæter
Ytring
Marit Nerås Krogsæter
18 september 2020 10:57
Del på Facebook
Marit Nerås Krogsæter , Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Marit Nerås Krogsæter , Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Marit Nerås Krogsæter , Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal

Men kva er då spørsmålet? Jo, kva er Senterpartiet sitt alternativ til den sentraliseringa vi ser i samfunnet i dag? Modernisering gjennom desentralisering.

Kva er status?

Utrekningar frå SSB som er gjort for dei komande 30 åra viser at ungdomen rømmer frå distrikta og inn i storbyane. Dei viser mellom anna til at om lag 60 prosent av alle kommunane forventa å vekse, og 20 prosent har særleg høg vekst på over 15 prosent. 140 kommunar er derimot forventa å få nedgang i folketalet. Nokon kommunar tapar i kampen om folka og nokon kommunar vinn.

Kva handlar det om?

For Senterpartiet sin del så bør denne utviklinga handle om korleis vi skal bruke trendane i tida for å snu denne nedgangen, ved å modernisere gjennom å desentralisere. Å bu og leve godt i distrikta, i distriktsbyane og litt utanfor det sentrale. Å ha tilgang til tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod også utanfor storbyane. Koronapandemien har vist oss at det er ein fordel at folk bur spreidd, og at heimekontor kan vere ein løysing for fleire. Vi må tenke nytt og bruke dei moglegheitene den teknologiske utviklinga har gjeve oss. Breibanddekning i heile landet gjer at det ikkje spelar noko stor rolle om ein set i Oslo eller på Ona. Å sørge for at alle er på nett, gjer at vi får ned dei sosiale forskjellane og at vi får ei reell moglegheit til å bu og leve der vi sjølv ynskjer.

Å hjelpe ungdomar med skapartrong som vil flytte heim eller til distrikta, slik dei kan skape eigne arbeidsplassar. Slik som Store Naa i Hardanger har gjort. Det som starta som ein tanke om at «kanskje eg skal flytte heim frå Bergen til Hardanger for å starte siderproduksjon?» til å faktisk gjennomføre det. «Tradisjon, idérikdom, kjærleik og trass» vert trekt fram som eigenskapar for å lukkast. Men å etablere seg i distriktet bør ikkje vere på trass av noko, det bør vere på grunn av noko. Det er jobben vår å gjere det lettare for folk som tør å satse. For det handlar om sosiale og faglege nettverk, kulturtilbod, arbeidsplassar, oppvekstvilkår og å faktisk kunne bruke den kompetansen som ein sjølv sit på.

Så kva må til?

Eit skattesystem som fremjar verdiskaping og framtidige investeringar i norsk næringsliv, god breibanddekning, meir midlar til regional utvikling i statsbudsjettet. Vi må forenkle regelverk og lovar slik det blir enklare for nye etablerarar. Vi må digitalisere offentlege tenester, og hindre byråkratiet i å ta overhand.

Vi må ta innover oss trendane i samfunnet om digitalisering, delingsøkonomi, berekraft og innovasjon, for det er gjennom desse trengane vi kan få til desentralisering som eit alternativ til sentralisering. Å desentralisere gjennom modernisering. Med det vil vi vere med og skape eit samfunn med gode levande distrikt og distriktsbyar som ein vil etablere seg i, på grunn og ikkje på trass av.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 1 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse