Annonse
KSU – Vipps – desktop
Marit Nerås Krogsæter
Ytring
Marit Nerås Krogsæter
12 oktober 2020 18:26
Del på Facebook
Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal.
Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal

Arbeidarpartiet fremma i Stortinget forslaget om å redusere forskotsbetaling i Autopassordninga frå 3600 til 1000 for privatbilistar.

Stortinget bør svare med å fjerne heile eller redusere kraftig forskotsbetalinga for næringslivet, slik at utsette næringar ikkje må binde opp store beløp for å kunne gjere jobben sin med å frakte varer og kome seg rundt på både fylkesveg- og riksvegstrekningar.

Bedrifter som Vartdal plast, som har 50 vogntog tilgjengeleg til bruk til transport av byggevarer, mat og andre produkt, er avhengig av ferjer uavhengig kvar dei skal transportere noko, så vil ein reduksjon eller fjerning av forskotsbetaling gjere det mogleg for bedriftene å investere meir i eiga bedrift, enn å ha fleire millionar uteståande til ei kvar tid, seier Marit Nerås Krogsæter, gruppeleiar i Senterpartiet i fylkestinget og leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal er eit fylke der eit fleirtal av bedriftene og innbyggjarane er avhengige av ferjer, og som betalar bompengar i større monn enn det ein gjer i Innlandet og på det sentrale Austlandet. Likevel er det ikkje opprøret på kysten som har vore det viktige for sentrale styresmakter, det er bompengar.

Det er på tide at Stortinget tar grep og behandlar ferjene våre på lik måte som bompengar, uavhengig om det er ein fylkesveg eller riksveg ein køyrer på. Senterpartiet har tatt til orde for å redusere forskotsinnbetalinga for privatbilistar til 200 kroner og redusere innbetalinga for næringslivet, held Krogsæter fram.

Senterpartiet i Møre og Romsdal har vore svært tydeleg overfor Stortingsgruppa i Senterpartiet at reduksjon av ferjetakstar er ei viktig prioritering både i koronapakkar og permanent i Statsbudsjettet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 11 timer siden Demokratiets veivalg
Noen på Sunnmøre har ingen ting imot fortsatt ferge til Aukra, Otrøya og over Romsdalsfjorden. Da har de sikkert heller ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøLogikken som SVV har er at ein startar å bygge den delstrekninga som har lengst byggetid. Og det er?
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSVV har konsekvent hatt som målsetting at hele Fergefri E39 Ålesund-Molde, dvs. både trinn 1 og 2, skal ferdigstilles samtidig. ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasSamferdselspolitikk må bygge på fakta. Du har imidlertid diktet opp egne tall, isteden for å bruke tallene fra KS2-analysen. Flott ...
Arne Almaas 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje Sundsbø Jeg ser at i siste klipp jeg la inn, så har ÅDT ganget seg opp. Men uansett så er tallene ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøSVV har vore flink med å sette opp tidsakser mellom oppstart og opning av dei ulike delstrekningane.Du kan starte med ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse