Annonse
KSU – Vipps – desktop
Styret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy
Ytring
Styret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy
28 januar 2021 21:01
Del på Facebook
Birgit Oline Kjerstad, leder i styret for NEI til vindkraftverk på HaramsøyStyret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy. Foto: Privat
Birgit Oline Kjerstad, leder i styret for NEI til vindkraftverk på HaramsøyStyret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Haram Kraft AS tilbakeheldt vesentleg informasjon, uforståeleg at det ikkje får fylgjer for utbygger. 

Vi byrjar å lure på om natur og alminnelege folk har rettsvern her i landet. Vi er overraska over at Lagmannsretten ikkje ein gong nemner den nye dokumentasjonen som syner at Haram Kraft AS tilbakeheldt vesentleg informasjon i saka i 2005. Denne informasjonen vart heller ikkje framlagt i sak om midlertidig forføyning i tingretten i oktober. At utbyggar slepp så lett unna på dette punktet er lite tillitsvekkande. Ein konsesjon som er gitt på vesentleg feil grunnlag kan trekkast. Konsesjonsutgreiingsforskrifta er klar på at det er utbyggar sitt ansvar å legge fram alle fakta i saka, og det er ikkje gjort. 

Lagmannsretten held seg berre til dei to siste vedtaka, Konsesjon gitt februar 2019 og godkjenning av MTA plan 24 mars 2020, og meiner at så langt som arbeidet er kome har NTVH ikkje sikringsgrunn. Det vil seie at fare for å øydelegge vesentlege miljøverdiar medan vi venter på at hovudsøksmålet kjem opp i retten, ikkje er til stades. Hovudsøksmålet skal gå i Sunnmøre Tingrett i veka før påske. Men i ei slik sak kan det gå år og dag med ankerunder i fleire instansar før endeleg dom er felt. 

Lagmannsretten har i liten grad gått inn og prøvd detaljane i hovudsøksmålet, men held seg strengt til sikringsgrunnen. Ein kan seie at det er det retten skal gjere i ei slik sak, men det er merkeleg at retten understrekar at kjennelsen frå tingretten er grundig. Det er grunnleggande for maktfordelingsprinsippet og menneskeretten at retten står fri til å prøve staten sin lovpraksis og maktutøving.  Det er nettopp lovpraksisen til NVE/OED vi meiner er lovstridig. Det er alvorleg for rettstryggleiken til natur og innbyggarar at forvaltningslova , naturmangfaldslova og konsekvensutgreiingsforkrifta ikkje er fylgt. Råka parter har ikkje fått opplysning om søknader, vedtak, konsekvensar og klagerett i rett tid. Dette er eit menneskerettsspørsmål. Det blir i tillegg eit folkehelsespørsmål når personar som tener på utbygginga har fått slik informasjon, medan dei som berre taper ikkje har fått informasjonen dei har lovmessigrett på.  Kjensla av å verte overkøyrd av ein kynisk utbygger, sviken av naboen og staten er ikkje god. Det er brot på folkehelselova. Denne understrekar kor viktig rettmessig medverking er, særleg i omstridde saker. I denne saka tek staten ifrå folk rettar og verdiar på investeringar ved at forlenga fristar og endringar ikkje er handsama slik det skulle etter forvaltningslova. OED meiner at saksbehandlingsfeila ikkje er av betydning, der er vi djupt ueinige. 

Det alvorlegaste inngrepet for natur og folk skjer den dagen turbinane vert røyst. Det er då fugledrap, støy og skuggekast startar. Sidan rettsprosessen vil ta tid, vil denne kjennelsen i lagmannsretten føre til at vi risikerer at utbygginga vart fullført medan hovudsøksmålet går. Dermed er uoppretteleg skade skjedd. Det er ikkje slik at alt går tilbake til slik det var før om 30 år. Då har fugledrapa på gått og folk sannsynlegvis skygga unna bustadmiljøa som vert negativt påverka. Det har alvorlege negative konsekvensar for natur, miljø og samfunn. Men i staten Norge er tydelegvis fortenesta til postboksselskap og investeringsfond registrert i skatteparadis viktigare enn lokale verksemder, lokalbefolkninga sine nærmiljø og investeringar.  

No skal styret lese grundig gjennom kjennelsen og vurdere om vi har råd til å gå videre. Det er berre gjennom økonomisk støtte frå friviljuge og eventuelt andre organisasjonar som ser at denne saka er prinsipiell, at vi kan greie å finansiere søksmålet. Slik vi ser det er det tilliten til statsforvaltninga, at den fylgjer lova, og rettstryggleiken til natur og alminnelege folk som står på spel i denne saka. 

Siste ord er uansett ikkje sagt.  

Av:  Styret for NEI til vindkraftverk på Haramsøy  v/ Birgit Oline Kjerstad

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasJa, då er nok bekymringa i KS2 rapporten for Kjerringsundet legitim. Er Aukra kommune kredittverdig i 35 år etter eventuell ...
Arne Almaas 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøHvis vi legger til de ekstra ressursene som angitt:30 milliarder m³ gass tilsvarer 29,55 millioner Sm³ o.e.50 milliarder m³ gass ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasDu kan regne du også: Ormen Lange Fase 3 åpner for at feltet kan øke gassproduksjonen med 30-50 milliarder kubikkmeter ...
Arne Almaas 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDet er ikke mitt lodd i livet å finne ny gass for det britiske markedet. Jeg belyser fakta tatt fra ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu har definitivt ikkje studert massedisponeringa i dokumenta som SVV har lagt fram. 
Terje Sundsbø 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasHvor stor andel av Storbritannia sine årlige gassbehov dekker Nyhamna? Med en levetid på bare vel 4 år, hvor skal ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse