Vi i Nei til Vindkraftverk på Haramsøy er utruleg skuffa over dommen. Nok ein gong køyrer sentralmakta over naturen og lokalsamfunnet.
NTVH meiner at konsesjonen frå 2008 ble gitt på gale premiss. Det er avdekt at Haram Kraft heldt tilbake vindrapportar som viste at det ikkje var plass til å byggje ut det planlagde vindkraftverket på Haramsøya, og installert effekt er no halvert. Medan ulempene for landskap, busetnad, naturmangfald og fugleliv er om lag dei same, er fordelane i form av energi halvert. Energistyresmaktene lar utbyggjarane gjere store endringar av vindkraftprosjekta etter at det er gitt konsesjon, utan å foreta ein ny konsesjonsvurdering av om fordelane framleis overstig ulempene. Det er eit stort tap for naturen og lokalsamfunna som blir råka av vindkraftutbygging at domstolen godtek denne praksisen.
Domstolen tek berre omsyn til vindkraftverkets økonomi, når den legg til grunn at konsesjonstida skal reknast frå siste vedtak. Det aksepterast store utsettingar utan å ta omsyn til arealbeslaget, grunneigars rådigheit og utvikling av lokalsamfunn. Området har vore avsett til vindkraftverk frå 2009, medan konsesjonstida på 30 år etter dommen skal reknast frå 2020.
NTVH vil no gå igjennom dommen med advokatane våre og vurdere om vi skal anke til lagmannsretten. Vi må også vurdere om vi har råd til anke saka vidare.
Det enorme folkelege engasjementet for Haramsøya frå fjern og nær har gjort det mogleg for NTVH å reise denne saka for domstolen. Det er gjort eit enormt dugnadsarbeid og samla inn økonomisk støtte frå heile landet. Men vi no dømd til å betale 1 009 500 kr i saksomkostningar til motpartane våre, som har mykje meir midlar enn oss. Å prøve saker om naturvern for domstolane er nesten uoverkommeleg for organisasjonar og interesser som er tufta på folkeleg engasjement og idealisme. For å sikre naudsynt domstolskontroll av vedtak som råkar naturen, treng Norge ein eigen miljødomstol eller ei miljøklagenemnd slik dei til dømes har i Sverige og Danmark. Det kan bidra til raskare avgjerder i miljøsaker til ein rimeleg kostnad.
Tusen takk til alle som har lest, dokumentert, skrive, ringt, argumentert, gått på fjellet, aksjonert, gitt gåver, grått, banna eller bedt for Haramsøya. Vi er uendeleg takksame.
I dag er vi enormt skuffa, men all støtta vi har fått varmar og inspirerer oss til vidare kamp for naturen og lokalsamfunnet.
Saksopplysninger
- Nei til vindkraftverk på Haramsøya har hatt egne saksomkostninger og kjøpt juridiske tjenester for kr 2,356,691,- (Dette inkludere alle rettsaker og øvrig rådgivning/kjøp av tjenester).
- Vi ble i forrige runde (Tingretten og Lagmannsretten – midlertidig forføyning) dømt til å betale motparten kr 1,217,987. (Dette har vi betalt).
- Motpartens påstand (Haram Kraft AS v/Advokat Thomasen) i denne runden er kr 1 009 500,-.
- Alle rettsprosesser er finansiert gjennom medlemskontingent og innsamlede midler (pengegaver rett inn på vår konto, vips eller spleis)