Når skal vår Statsminister forstå at å bruke 25–35 milliard kroner på Møreaksen er aldeles spinnvilt, når eit stort, stort fleirtal av befolkninga i Møre og Romsdal ikkje vil ha dette?
Møre og Romsdal fylke manglar milliardar av kroner til våre sjukehus til dømes, kvifor held Statsministeren på slik, med framsnakking av Møreaksen til milliardar som folket ikkje vil ha?
25–35 milliard kroner har staten behov for å bruke til bygging av vegar på land og veg og prosjekt som folket du tjener Erna, faktisk har behov for og ynskjer.
Har vår Statsminister råda til å kaste vekk mange titals milliard Kr på områder som folket verken ynskjer eller ser behovet for?
Å kome med enda ein « trussel og skremselspropaganda» frå Høgre og Erna, om at dersom ikkje Høgre og Orten får vilja si til å bygge lokalvegen deira Møreaksen, så blir det ikkje vegbygging.
Dette er ein «dryg» påstand, og er ein Statsminister lite verdig.
Alle veit at det står mengder med samferdselsprosjekt i Møre og Romsdal som kan prioriterast fram og byggjast ut rimeleg raskt, og sannsynligvis vesentlig raskare enn ei fullverdig utbygging av den greinalause Møreaksen.
Erna kan tildømes overføre ansvaret for å bygge Ålesund–Molde og vidare til innlandet grense, til Nye Veier AS, då får pengane vegar å gå på!
Nei Erna, skrot Møreaksen og la vi som bygg vegar i Møre og Romsdal få bygge dei vegsystema som folket ynskjer, hold Høgre og Orten på gangen, så skal du sjå at det faktisk blir veg og asfalt, mykje veg og asfalt.