Det er rart å sjå: Viktige politiske debattar internt i dei politiske partia har stilna heilt no før valet. No er alle samde om at det viktigaste vi kan gjere er å stemme på deira parti. Uansett om det tener vår del av landet eller ikkje. Vi har sett liknande tendensar når det gjeld samansetjing av ei fleirtalsgruppe i t.d. fylkeskommunale organ: Sakene forsvinn, og eit tradisjonelt rikspolitisk samarbeidsmønster oppstår. Til og med om dette betyr at PARTIET sparkar bein under seg sjølv og den politikken dei står for lokalt! Ideologiske skiljeliner øydelegg for konstruktive løysingar i viktige saker.
Det er på sin plass å minne om at partiet er ein konstruksjon som skal hjelpe til med å utvikle samfunnet på ein bestemt ideologisk måte. Det er ikkje partiet som er målet! Men i desse valtider synest dette å vere gløymt. Det er no sesong for å svelje kamelar. For vi må for all del samle oss om PARTIET! Kvar vart det av dei viktige sakene for lokalsamfunnet vårt, som å arbeide for sjukehuset vårt i Kristiansund? Betyr det no ingenting lenger? I alle høve til etter valet?
Har PARTIET blitt viktigare enn dei oppgåvene som skal løysast? Skal vi no brått ofre sjukehuset vårt for at PARTIET skal få makt til å leggje det ned? Skal vi no brått ofre Romsdalsaksen og svelje Møreaksen, jamvel om han ikkje tener nordmøringen? For det viktigaste er at PARTIET får makt? Har vi gått oss vill i dei demokratiske idéane?
Stem på saker som er viktige for deg, ikkje på eit moderparti som du ALLTID stemmer på av gammal vane! Godt val!