Berit Frey, vi er mange som set stor pris på at du går inn for ei redeleg utgreiing av Romsdalsaksen, som mange andre i Senterpartiet på Nordmøre. Men det er trist at det delte Senterpartiet i denne saka har gått inn for Møreaksen.
Eg viser til fylgjande referat frå Tidens Krav den 15.09.21 som respons på det svært gode valresultatet for Senterpartiet i Kristiansund:
Helsepolitikken er en del av forklaringen. Ikke bare fødesaken, men også helseforetaksloven. Så har vi også striden om Møreaksen/Romsdalsaksen der vi i Kristiansund Sp har gått inn for å få utredet Romsdalsaksen, og jeg tror også det er en del av forklaringen på dette valgresultatet, sier varaordfører Berit Frey.
Spørsmålet blir no: Hadde veljarane grunn til å stole på at uttalane til Senterpartiet i Kristiansund i aksesaka var noko meir enn ynskjetenking? Har Senterpartiet i Kristiansund ei realistisk forventning om å få Senterpartiet til å gå inn for at Romsdalsaksen skal få ei redeleg utgreiing, særleg i lys av det jukset som journalist Arild Myhre i Tidens Krav har avslørt? Eller har Senterpartiet i Kristiansund lurt sine veljarar ved å framsnakke offentleg noko de visste berre var ynskjetenking?