Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svaret på det må vere eit rungande NEI!

«Dei andre partia utanom FrP, må snart forstå at nok er nok av denne iveren til å teppelegge vårt område med bompengar».

I Ålesund planlegg ein å gå aldeles «bananas» med bompengar, som skal finansiere store delar av ein gigantbypakke på heile 6,7 milliard kr. Ja, du høyrde rett, «6,7 milliard kroner». Trudde eg skulle dette av stolen, når eg såg dette, med historien der Ålesund fekk nei frå regjeringa til bypakke på 4,3 milliard kr, ja til ny plan på 3 og no kjem altså dette?

Dyr bypakke er planlagt med haugevis av bompengar også i Molde og Kristiansund, og dertil bomengesnitt i andre prosjekt inn mot byane. Bompengar blir planlagt både over fjell og gjennom bygd, heilt utan å fatte kva negative konsekvensar dette kan få.

Eg tru jammen det er nokon som har gløymt at politikarane skal gjere folk flest sitt liv bedre, ikkje frarøve pengane frå folket gjennom bompengar på bompengar heilt utan magemål. Statens vegvesen er flinke retorikarar, og legg gjerne fram «glansbilder» av såkalla «låge» takstar i bompengeprosjekt.

Realiteten er at slår ein ihop bompengeplanane frå til dømes Ålesund til Molde vidare gjennom fylket mot Trøndelag, blir dette høgdramatisk for lommeboka for folk flest og næringslivet. Det ser dessverre ut til at alle vegprosjekt skal løysast gjennom bompengar i hopetall. FrP kjempar, og kjem til å kjempe kvar ein einaste dag imot dette. Vi kjem til å bruke alle våre muligheiter til å bekjempe «bompengehysteriet» her i fylket.

Bompengar på fjordkryssingsprosjekt med måte, kan aksepterast. Alternativet er bompengar til evig tid gjennom ferjebiletten som aukar og aukar. Derimot vert det ikkje aktuelt å sjå på, at bompengar «esar ut» i bypakkar og andre vegsystem overalt her i fylket.

«Nok er nok, hald dokke vekk frå lommeboka til folk flest og næringslivet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 timer siden Beskjed om å flytte?
@Anne Mari SandshamnJoda, jeg kan se for meg et slikt scenario, en skyssbåt stor nok til å ta imot flere tusen passasjerer ...
Terje Sundsbø 3 timer siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Anne Mari SandshamnHvordan kan jeg gi andre linker med tilsvarende innhold, når slike linker ikke finnes? Og ikke prøv å kverulere med ...
Anne Mari Sandshamn 8 timer siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Terje SundsbøHvorfor? Er du ikke voksen nok til å svare på det du blir etterspurt? Eller er sannheten at du ikke ...
Anne Mari Sandshamn 8 timer siden Beskjed om å flytte?
@Terje SundsbøPoenget er at siden du og RR sammeligner og påstår det er MYE verre at Gossen og Otrøya blir uten ...
Terje Sundsbø 12 timer siden Beskjed om å flytte?
@Anne Mari SandshamnHva er poenget med spørsmålet ditt? Det har jo ingen relevans til saken. Du kunne like gjerne spurt om jeg ...
Terje Sundsbø 13 timer siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Anne Mari SandshamnKanskje du kan gi eksempler på andre linker som på tilsvarende måte underbygger synspunktene som presenteres?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte