fbpx
Annonse
Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Kronikk
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
18 februar 2021 11:12
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Dersom klima og miljøhysteriet og symbolpolitikk får ta styringa, drivstoffprisar til himmels over 20kr litere, kravet om nullutslipp og auka kostnadar, er heile næringslivet i vårt fylke kraftig trua.

Det er skremmande å sjå at fleire store parti her i landet, kappast etter tiltak som vil bli svært dramatisk for vårt næringsliv.

Næringsfylke nr. 1

Møre og Romsdal er næringsfylket fram for noko her i landet, og har gjennom generasjonar bygd opp solide næringskluster og eit allsidig næringsliv innan mange segment.

Stein på stein er bygd opp av grundera, og etablering av eit allsidig næringsliv har ført til sterke miljø innan eit breit spekter av næringar, og skapt det fylket vi har i dag.

Reiselivet i fritt fall

Reiselivsnæringa er ei stor næring her i fylket, og mange av landets og faktisk også verdas flottaste reisemål finnast i vårt fylke.

Meir enn 200 av verdas største cruiseskip besøker normalt våre fjordar og omlag 1 million turistar reiser kvart år berre til Geirangerfjorden.

Grøn fjord–hysteri og kravet om nullutslipp fører til «tom fjord» i 2024, og konsekvensane dette vil kunne få for mange store turistområder er dramatiske.

Dette blir ikkje kompensert av konservering av våre områder, og fråflytting og tomme bygder kan verte resultatet.

Koronasituasjonen har tatt næringa i kneståande, og næringa er kraftig ramma. Mange reiselivsbedrifter vil nok ikkje klare seg framover og dette er dramatisk.

Betre vil det ikkje bli, dersom avgiftsnivået generelt og på drivstoff går til himmels, noko som vil gjere det omlag uråd å reise på ferie til vårt land, då kostnadsnivået frå før er meir enn høgt nok.

Olje og gassindustrien viktig

Dette er ei svært stor og viktig næring også for Møre og Romsdal, og meir enn 20 000 innbyggjarar har sin jobb innan sektoren her i fylket.

I tillegg er der mange tusen årsverk i tjenestenæringer tilknytta olje og gassindustrien, slik som hotell, service, transport osv.

Olje og gassindustrien her i landet står for omlag 2% på verdsbasis og er verdas reinaste og mest teknologiske utvinning.

At Møre og Romsdal kan ha politiske parti slik som SV og MDG som vil avvikle denne store næringa, er så useriøst at det nesten ikkje er mulig å forstå, kva skal dette erstattar med?

Tang og tare?

Om Norge legg ned heile Olje og gassindustrien, er det berre med eit pennestrøk at dette blir kompensert av andre produsentar i verda.

Og, verda får dårligare miljø, ikkje betre.

Vårt samfunn og vårt land finansierar vår velferd gjennom olje og gassnæringa, og ingen, absolutt ingen har forklart korleis dette kan erstattast.

Maritim og marine næringar

Rammevilkåra slik som nettolønsordninga og ordninga rund rederibeskatninga må ligge fast, slik at lokal verdiskaping fortsatt kan gjennomførast. Lokal verdiskaping må premierast.

Fokuset på kompetanse og fagutdanning er også svært viktig, med tanke på rekrutteringa til næringane.

Miljøhysteriet på Stortinget frå fleire partier, vil kunne ramme våre store bedrifter innan maritim og marine næringar brutalt.

Dersom rammevilkåra vert skrudd til himmels med kraftig auke av CO2 avgifter, drivstoffprisar over 20 kr for literen, blir det svært vanskeleg å opprettholde dagens næringsstruktur, «kostnadane med å drive i distrikta blir for høge»

Transportnæringa er trua

Ikkje vil Erna og Høgre kutte ferjeprisane, og «gåva» Høgre legg fram til transportnæringa er ei klimamelding med drivstoffprisar til himmels.

Denne næringa er under sterkt press frå utanlandske aktørar, og vår regjering møter dette med å gjere «vondt verre» for transportnæringa.

Straumprisane til himmels

Ein viktig rammefaktor er også kraftsituasjonen og ikkje minst prisane.

Denne vinteren har kraftprisene gått til himmels, og dette i ei tid der det ser ut til at klima– og miljøfanatikarane kjempar om å setje rekord i nullutslipp og krav til elektrifisering av det meste.

Men kvar skal straumen takast ifrå?

Næringslivet og folk flest kan ikkje akseptere vedvarende kraftpriser på fleire kroner, og faren for manglande strømkapasitet med bakgrunn i nullutslipshysteriet.

Ikkje skal ein utbygge vannkraftverk, noko som både er det reinaste og mest skånsomme, protestane mot vindkraft er så store at dette kan vi berre gløyme.

Så då skal vel el- bilane, ferjer, båtar og buss, gå på straum frå dieselaggregat?

FrP krev fornuftige rammevilkår for næringslivet!

INGEN kan akseptere diesel og bensinpriser over 20 kr for literen, prisane er alt, alt for høge slik dei er pr idag.

  • FrP krev at nettolønsordninga ligger fast.
  • FrP krev drivstoffprisane kutta, ikkje auka.
  • FrP krev mva., avgifter og prisane på straum kutta, ikkje auka
  • FrP krev satsing og auka aktivitet på verdas reinaste olje og gassnæring, ikkje kutt.
  • FrP krev avgifts og rammevilkår som kan utvikle næringslivet i Møre og Romsdal, ikkje auka avgifter og begrensninger i rammevilkåra som vil true vårt næringsliv i heile fylket.

Valget til hausten blir eit næringslivsvalg, der klima og miljøhysteriet vil utfordre korleis vårt fylke og vårt næringsliv vil sjå ut i framtida.

Eg vil som dykkar ombodsmann dersom eg kjem på Stortinget, fortsette mitt arbeid for å skape ei fremoverlent og aktiv utvikling for næringslivet i heile vårt fylke.

Logg inn for å kommentere.
Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

KOMMENTARARKIV FRA TIDLIGERE KOMMENTARSYSTEM. KOMMENTARER LAGT TIL HER, BLIR ALDRI SYNLIGE. BRUK AKTIVT KOMMENTARSYSTEM OVER

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Lama Vik 45 minutter siden FrP får ikke flertall for gratis ferge
Hei KSU.no! Ser at dette er ein redaksonell artikkel. Sidan politiske opponentar ikkje får uttale seg i denne artikkelen reknar eg ...
Bjørn Halvor Enciso Kvilhaug 1 dager siden Ferjer og forurensning
Ja batteri drift er og blir ulønnsomt ikke bare det, ferjene kan ikke brukes til annet som å tas ut ...
Asgeir Fosnavåg 1 dager siden Rask realisering av E136 – skrot Møreaksen!
For fleire år attende vart eg klar over Sves private kamp om å få kyststamvegen vår til å gå via ...
Jan Rune Haukvik 1 dager siden Rask realisering av E136 – skrot Møreaksen!
@jon ingar eikSå du vet heller ikke hvordan disse to prosjektene finansieres helt ulikt? 
Roy Gravdehaug 1 dager siden Rask realisering av E136 – skrot Møreaksen!
Vi kan være uenige i mye vi her i fylket, men så dumme tror jeg faktisk ikke Nordmøres befolkning er. ...
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte