Annonse
Annonse
Steinar Melby
Artikkel
09 mars 2022 11:10
Del på Facebook
Frank Sve, fraksjonsleder energi- og miljø, Fremskrittspartiets stortingsgruppe. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Frank Sve, fraksjonsleder energi- og miljø, Fremskrittspartiets stortingsgruppe. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Frank Sve, fraksjonsleder energi- og miljø i Fremskrittspartiets stortingsgruppe, fremmer i dag sak angående Møreaksen sammen med stortingsrepresentantene Morten Stordalen og Sylvi Listhaug.  De krever å bygge nye E-39/136 frå Ålesund til Tresfjordbrua, før fjordkryssingen over Romsdalsfjorden og vil at det gjennomføres upartisk utredning over andre kryssingsalternativer over  Romsdalsfjorden.

– Når Statens vegvesen presterer å planlegge bygging av fjordkryssinga over Romsdalsfjorden som fyrste prosjekt, for 2 300 bilar i døgnet, er dette stikk i strid med det som er utfordringa samferdselsmessig i området. Moa til Digerneste har over 11000 bilar i døgnet, vidare til Sjøholt 6 000 – 7 000 i døgnet og det er eksportvegen vår E-136 som er fylkets viktigaste vegsamband, sier Sve.

– I desse områda er planlegginga anten utsatt eller står i stampe, og kravet frå både Sunnmøre og resten av fylket er åpenbart å byggje ut områda mellom Ålesund og Tresfjordbrua/Vestnes som fyrste byggjesteg, då har ein god tid til vurderinga av sjølve fjordkryssinga også med Romsdalsaksen, avslutter han.

I representantforslaget er det også et punkt to, hvor representantene vil at Stortinget skal be om at regjeringen sørger for reell upartisk utredning av andre kryssingsalternativer over Romsdalsfjorden blir gjennomført, spesielt i forhold til oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.

Innholdet i representantforslaget til Stortinget

Representantforslag ….… S (2021-2022), frå stortingsrepresentant(ane) Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Sylvi Listhaug
Dokument 8: S (2021-2022)

Representantforslag frå stortingsrepresentant(ane) Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Sylvi Listhaug bygge ny E39-E136 Ålesund-Tresfjordbrua fyrst.

Til Stortinget

Bakgrunn

Fleire statsrådar har i ulike regjeringar beskrevet at ferjefri E-39 skal byggjast frå Ålesund til Molde. Debatten ikring dette prosjektet er betydeleg i heile Møre og Romsdal. Statens vegvesen har i lang tid planlagt delar av denne strekninga men har av ein eller anna merkeleg grunn prioritert oppstart av planarbeidet og ynskjer å bygge ut fjordkryssinga over Romsdalsfjorden fyrst.

Trafikken frå Ålesund til Molde er samansett av ulike strekningar der E-136 frå Ålesund via Vestnes og vidare opp Romsdalen mot Bjorli og Innlandet grense er den mykje omtalte «eksportvegen» i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke er landets største eksportfylke målt pr. innbyggjar, og står for ein svært stor del av næringstrafikken i landet.

Frå Ålesund til Vestnes og Tresfjordbrua og vidare opp Romsdalen, går store delar av næringstrafikken frå søre, indre, ytre, nordre Sunnmøre og frå Ålesundsområdet. I tillegg kjem hovudsaklig det meste av næringstrafikken frå Molde og Kristiansundregionen via Åfarnes –Sølsnes og Fv 64 til Åndalsnes og vidare opp E-136 Romsdalen. I strekninga E-39/136 Ålesund/ Moa til Digerneset  er ÅDT på over 11000 bilar i døgnet, i området lenger sør inn mot Moa 20-25000 bilar i døgnet.

Vidare går trafikken mot Sjøholt der trafikken spreiar seg mot Fjord og Stranda kommune og Geirangerområdet som har svært stor trafikk spesielt om sommaren. ÅDT her er om lag 7200 bilar i døgnet.  Vidare over Ørskogfjellet er ÅDT om lag 4500 bilar i døgnet. Trafikken delar seg derifrå vidare mot Molde via ferjestrekninga Vestnes- Molde over Romsdalsfjorden, med ein ÅDT på om lag 2250 bilar i døgnet.  Planarbeidet står mildt sagt i «stampe» for Statens vegvesen i dette området, der dei har beslutta å dele opp planarbeidet i ulike strekningar, og den viktigaste strekninga som også har størst trafikk mellom Moa og Digerneset er utsatt på ubestemt tid.

Strekninga mellom Digerneset og Ørskogfjellet er også ute av styring, der Statens vegvesen har møtt på svært stor motstand frå befolkninga og legg no fram heile 5 ulike alternativ. Med andre ord er trasevalget her overhode ikkje klart, og det er uansett langt opp og fram i tid.

Strekninga vidare frå Ørskogfjellet til Vik, med arm vidare på E-136 til Tresfjordbrua har planprosess som no ligg ute til høyring.  Her møter planprosessen også stor motstand lokalt. Nord for Romsdalsfjorden frå Julsundet til Molde, forbi Molde via tunell og til Bolsønes, ligger også planarbeidet i stampe og er overhode ikkje klart. Dette hastar ikkje då befolkninga og mykje av næringslivet slett ikkje ynskjer Møreasken.

Derimot arbeidar Statens vegvesen mot folket som i fleire store meiningsmålingar på heile 75-80% ytrar sterk motstand mot sjølve fjordkryssinga Møreaksen. Det er også meget stor motstand mot å leggje ny E-39 gjennom Molde by .Statens vegvesen har planlagt å starte med bygging av sjølve fjordkryssinga, firefeltsveg, fleire hundre meter under fjorden, gjennom kjente jordskjelvforkastningar, og med høgbru over Julsundet.

Begge desse prosjekta med undersjøisk tunell og høgbru er prosjekt som bortimot er ny verdensrekord i sitt slag, med usikkerheit som absolutt ingen kan kvalitetsikre. Her skal det brukast fleire titals milliard kr. med firefelts veg iform av verdsrekordar for om lag 2300 bilar i døgnet.

annonse

Møreaksen under fjorden vil også påverke miljøet svært negativt. Berekningar frå Lastebileigarforbundet viser at ved 240 vogntog i døgnet vi medføre 2230 tonn Co2 utslepp frå Møreaksen. Ved ferjedrift 0 tonn Co2, og ved Romsdalsaksen 1034 tonn. Med andre ord er Møreaksen ei gedigen miljøbombe som vil motarbeide måla nasjonalt om å begrense utslepp.

Strekninga lenger sør mellom Ålesund og Vestnes på land, har mange gongar høgare trafikktal innkludert fylkets viktigaste veg E-136 vidare opp gjennom Romsdalen som er fylkets «Eksportveg nr 1». At Statens vegvesen har begynt i feil ende er ikkje vanskeleg å sjå, då det også er andre kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden via alternativet Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.

Både folket i Møre og Romsdal samt Møre og Romsdal Fylkesting har kravd ekstern og upartisk utredning av Romsdalsaksen som alternativ til Møreaksen. Leiaren i samferdsleutvalet i fylket har også uttalt at regjeringa ikkje forstår alvoret i protestane ikring Møreasken og kravet om upartisk utgreiing av Romsdalsaksen. 

Dette har Statens vegvesen region midt ikkje fått med seg, men levert ei utgreiing med sin nærmaste samarbeidspartnar Norconsult som ikkje akkurat verken er upartisk eller på noko måte kan kallast ekstern.  Fortsatt er det full fyr i heile fylket, medan Samferdselministeren, staten sine menn og kvinner i Statens vegvesen og vegdirektoratet har døve øyrer og køyre på utan å bry seg om kva folket eigentleg ynskjer.

Samferdselsministeren har ved fleire anledningar påstått at det beste alternativet for fjordkryssing er valt med bakgrunn i at trasevala for strekninga Ålesund- Molde er tatt, noko alle som har sett seg inn i saka veit ikkje er tilfelle. Samferdselministeren har også lagt fram at strekninga ny E-39 Ålesund – Molde skal koste 24,35 milliard kr med P50 usikkerheit.

Korleis ministeren kan forklare at dette kan vere 24,35 milliard kr når tidlegare anslag har vore over 39 milliard kr? Dette med tanke på at dei største strekningane i prosjektet verken er planlagt, trasevalet tatt eller på nokon som helst måte stettar eit berekningsgrunnlag for å kunne nytte P50? 

Korleis Statsråden og Statens vegvesen kan leggje til grunn eit detaljert kostnadsanslag etter P50 når ein ikkje veit kva ein skal byggje, er rett og slett i beste fall useriøst. Folket og næringslivet spesielt i Ålesundsområdet fortvilar og ber politikarane om å «snu i tide» og planleggje og byggje ut vegane mellom fjordane fyrst.

Det er her dei reelle utfordringane faktisk er. Over Romsdalsfjorden går 4 store ferjer også med heilt nye elferjer som nullutslepp. Kapasiteten her er ikkje utfordrande og kan aukast med enda ei ny ferje satt inn i sambandet om nødvendig. Dette er både billig og miljøvennleg.

Derimot er vegstrekninga frå Moa til Digerneset med over 11000 bilar i døgnet utfordrande med smal veg og låg fart. Vidare er det svært store utfordringar med vegen som i dag går gjennom Sjøholt sentrum, som sjølvsagt ikkje er haldbar på ein stor og viktig europaveg, verken for innbyggjarane som bur der eller for næringslivet. Vegen vidare over Ørskogfjellet har sine store utfordringar der ein kun har planlagt krabbefelt på Ørskog sida som no vert bygd ut, men der traseen vidare til Tresfjordbrua og Vestnes ikkje er godt nok planlagt.

At nokon kan finne på å planleggje kun ei fjordkryssing utan å samtidig ha starta og bygd ut på begge sider av fjorden fyrst, er rett og slett ikkje mogeleg å kunne forstå. Ingen kan setje trafikk på denne fjordkryssinga som då skal gå rett gjennom Molde by på dagens vegar, eller fortsette med dagens krunglete vegsystema i mange år frå Ålesund til Vestnes.

Derfor meiner Fremskrittspartiet at Statens vegvesen må setje fart og prioritere planarbeidet og bygging av vegstrekninga mellom Ålesund og Vestnes/Tresfjordbrua fyrst. Ein vil då kunne ha tilstrekkeleg tida til ei grundig, samfunnsnyttig, og upartisk utgreiing av Romsdalsaksen for kryssinga av Romsdalsfjorden. Sjølve fjordkryssinga må bli siste prosjekt og hastar ikkje.

EU sitt vegdirektiv seier også at nye vegar skal leggjast utanfor byområder. Statens vegvesen sine planar i Møreaksen saka stettar overhode ikkje dette EU direktivet, heller ikkje EU kravet om at nye vegar skal byggjast mest mulig horrisontalt. Dette for å hindre drivstofforbruk og hindre store utslepp og for å betre miljøet. Europaveg i byområder forringar også bukvalitet og er noko ingen finn på å gjere i dagens moderne vegutbyggjing.

Stortinget har ved fleire anledningar fått seg førelagt prioriteringar av Møreasken i ulike planar og i NTP som sist vart lagt ved protokollen i Stortinget. Derimot har dette prosjektet ikkje kome langt i planprosessen og har ikkje gjennomført KS2, og vidare kvalitetsikring. Dette er ikkje forsvarleg saksbebehandling av eit prosjekt til mange titals milliard kroner som verken har vedteken eller godkjent endeleg trasevalg,  der det skjer stadige omfattande endringar i heile forutsettingane til dette prosjektet.

Det har heller ikkje eit grunnlag i dette prosjektet for å kunne framleggje realistiske kostnadsanslag. Det er heller ikkje samfunnsnytte i å byggje firefelts undersjøisk verdensrekordtunell eller firefelts verdensrekordbru for 2300 bilar i døgnet. Statens vegvesen håpar på betydeleg auka trafikk, men korleis skal den kome ifrå med dagens overbelasta vegsystem på land mellom Ålesund og Vestnes?

Lokal presse ved Tidens Krav har også avdekka fleire utfordringar i saksbehandlinga til Statens vegvesen region Midt, spesielt opp mot upartisk utgreiing av Romsdalsaksen. Innsyn i sentrale dokument ikring dette er nekta  av statsråden til ein stortingsrepresentant, og Statens vegvesen har nekta innsyn til Romsdalsaksen AS og til Tidens Krav. Kven som er redde for kva veit ingen, men det er ivertfall svært uheldig og kritikkverdig at dette har skjedd i ei sak som folket og næringslivet i heile Møre og Romsdal er svært opptekne av.

At eit så stort vegprosjekt kan skje mot folkets vilje stikk i strid med EU sine vegdirektiv, norske miljøkrav og hindre innsyn og kontroll frå folkevalgte og andre er kritikkverdig. Openheit i forvaltninga av innbyggjarane sine skattepengar må vere heilt grunnleggjande, og i saka ikring Møreasken har dette gått heilt over styr for dei statlege etatane Vegdirektoratet og Statens vegvesen region midt. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har uttalt :  «Det er alltid viktig for Senterpartiet at folket får bestemme». Då bør det vere opplagt at SP i regjering sørgar for at folket i Møre og Romsdal faktisk blir lytta til i denne saka, og at folket og ikkje byråkratiet i Statens Vegvesen får bestemme.

Forslag

  1. Stortinget ber regjeringa gjennomføre planlegging og utbygging av strekninga Ålesund-Tresfjordbrua som fyrste delprosjektet av ny E-39 Ålesund- Molde.
  2. Stortinget ber om at regjeringa sørgar for at reell upartisk utgreiing av andre kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden vert gjennomført, dette gjelder spesielt oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 7 måneder siden
    Hvis det er mulig å bygge ut deler av E136 Ålesund – Dombås før alle reguleringsplanene på hele strekningen er klare, så bør det samme være mulig på E39 Ålesund – Molde.

    Jo tidligere ferdig, jo flere år med samfunnsnytte.

    Frank Sve og Frp må ta inn over seg at partiene som ønsker Møreaksen fikk over 62% av stemmene i fylket ved Stortingsvalget i 2021.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Petter E. Olsen · 7 måneder siden
      @Terje Sundsbø Stortingsvalget var ikke en avstemning for og imot MA, en meningsmåling har jo vist at en slik avstemning ville gitt et kjempestort flertall mot MA. Men et tydelig tegn er det jo at partiet til Orten som har ivret mest for MA mistet to representanter, så Orten er nå en enslig svale fra H på Mørebenken. Frp har to . . .
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 7 måneder siden
      @Petter E. Olsen Først sier du at stortingsvalget ikke var en avstemming om Møreaksen, for så å hevde at partier mistet stemmer på grunn av nettopp Møreaksen. Da var Stortingsvalget likevel et valg om Møreaksen?

      De tvilsomme meningsmålingene ga ikke flertall til noen av alternativene.

      Det er de valgte politikerne som styrer – og over 62% av velgerne har gitt sin stemme til de som ønsker Møreaksen.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 7 måneder siden
    Det fornuftige er å starte utbyggingen der planene er klare. Hele strekningen vil uansett ikke bygges ut samtidig, da starter man først på den strekningen man er klar til å starte.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Petter E. Olsen · 7 måneder siden
      @Terje Sundsbø Det fornuftige er å starte der investeringene gjør mest samfunnsnytte. Det er ikke på Ortenaksen. Alskens regnetriks kan ikke forandre på det. 
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 7 måneder siden
      @Petter E. Olsen Investeringene gir ingen samfunnsnytte med å vente. Jo tidligere man starter jo tidligere kommer nytten. Da starter man der man er klar til å starte.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 7 måneder siden
    I motsetnad til fjordkryssinga er trasévala sør for Ørskogfjellet ikkje ferdig enno. Dessutan tek det lenger tid å bygge tunnellen. Så det er logisk å byrje med fjordkryssinga, så får vi sunnmøringar innstille på dei vegløysingane vi ønsker sør for fjorden. Til sist er nok heile vegen ferdig på likt. Vi gleder oss stort til ei ny tid der vi er nærare knytt saman som region. Byggestart 2023!
Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Innlogging

Siste kommentarer

Mange gode nyheter for Møreaksen i statsbudsjettet. F.eks. gratis ferger til Otrøya og Gossen, noe som vil øke andelen av ...
Anne Mari Sandshamn 14 timer siden Møreaksen bør prioriteres først på fergefri E39
@Terje SundsbøLaaaaangt derifra gitt :) MA er gravlagt :) 
@Anne Mari SandshamnBevilgningene til MA kommer når bompengeproposisjonen er ferdig, tidligst i revidert 2023-budsjett, eller på statsbudsjettet for 2024.
Anne Mari Sandshamn 23 timer siden Møreaksen bør prioriteres først på fergefri E39
@Bjørn JacobsenOg... Snipp... snapp... snute... så var MA.. UTE
@Dag Robert BjørsholMøreaksen er listet blant de mest lønnsomme veiprosjektene i NTP. Folk flest, dvs. over 62% i vårt fylke, har stemt ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte