Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
15 april 2024 09:59
Del på Facebook
Stor oppslutning om dugnaden. Foto: Bernt Bøe
Stor oppslutning om dugnaden. Foto: Bernt Bøe

Du treng ikkje dra til Jerusalem: «Klagemuren» finn du også på Bølandet! No stig han fram att etter mange år under torva.

Til Bøfjordhelga i juli er den gamle treffplassen avdekt og og blir restaurert som arena for underhaldning og historiske tilbakeblikk.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Samlingsstad

Denne muren på Naustbakken attmed Coop-butikken på Bølandet, var samlingsstad i gamle dagar. Mest for mannfolka i bygda – kvar søndag og på kveldar når dei venta på «Dampen».

Samtalane gjekk om laust og fast, også om slikt som folk her i utkantbygda var misfornøgde med. Da vart «Klagemuren» det naturlege namnet. Etter kvart vart han mindre bruka og grodde meir og meir ned.

Ryddedugnad

Under planlegginga av årets Bøfjordhelg, med Coop’en og Naustbakken som sentrum, kom ideen om å restaurere muren.

Og da den utrøttelege patrioten Inge Dønheim inviterte til ryddedugnad laurdag, var ikkje folk tunge å be. Dusinet fullt stilte med grev og spade, og etter ein halvtime var den lange muren oppe i dagen.

Trekkfullt «lokale»

Da Tidens Krav-journalisten Odin Kvendset besøkte det isolerte Bølandet (utan vegsamband) i 1938, skildra han nettopp ei slik mannssamling – eit «ting» – på Naustbakken.

Lokalet er riktignok litt trekkfullt, skriv han. – Men det lot ikke til at deltakerne følte sig besværet av det. Det var langt fra kjedelig å stå der og høre på, for kjevene gikk uavbrutt – foruten skråtobakken var det nemlig adskillig som skulle tygges igjennem før møtet blev hevet!

Annonse
Annonse

Naustbakk-visa

Miljøet vart seinare gjenstand for ei vise, der det mellom anna heiter:

På bakkå oppfor nausta ligg ein gammel gråsteinsmur
snart nedgrodd punni grasa der han halla.
Her møttest gammelkaran når dem rukla seg ein tur
te tings – på Klagemura, så dem kalla.

Kvar søndags føremeddag da va tingjet jamnan sett
– og ørkankvelda, føre rutebåta.
Og da vart saker drøfta, stort og smått og rangt og rett,
og flokan dem vart løyst på mange måta.

Der kom det folk frå aust og vest – tå Bakkå og tu Or’n,
frå Stakknesa og gardå innpå Høgden.
Ja, somtid kom ’n Ludvig Geilå roand over fjorden
og villa prek om laust og fast tu bøgden.

Og no blir det altså nytt liv på og attmed den legendariske «Klagemuren»!

Muren kom raskt opp i dagen. Foto: Bernt BøeMuren kom raskt opp i dagen. Foto: Bernt Bøe

Inge Dønheim med traktoren skufla unna. Foto: Bernt BøeInge Dønheim med traktoren skufla unna. Foto: Bernt Bøe

UNG INNSATS: Tuva (til venstre) og Selma hjelpte også til. Foto: Bernt BøeUNG INNSATS: Tuva (til venstre) og Selma hjelpte også til. Foto: Bernt Bøe

HISTORISK: Søndagssamling attmed muren – truleg sist på 1950-talet. Fotoeigar Liv BæverfjordHISTORISK: Søndagssamling attmed muren – truleg sist på 1950-talet. Fotoeigar Liv Bæverfjord

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHan nevner Tautratunellen og minner på at det kan ta tid. Derfor bør Reknes reserveres. Det ha Molde skusla bort. 
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg leste oppslaget fra 2009, før Fergefri E39 ble lansert. Reknes er for lengst ute av bildet. Den som ikke ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøFrå folk på utgåande kontrakt.Bru over Julsundet hastar ikkje, men veg mellom Julbøen og Fuglset hastar.  Kaffeslabberas i formannskapssalen.https://midsundingen.no/nyhende/vi-gir-oss-ikkje-for-moreaksen-er-bygd/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR05-c6vIQLvzJlQXnbLG648T_Ym15RpaisIh90MTlkunDSZBjsEXM3HTKY_aem_XCC4VdLAnflK00jIx7a3lg
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøI oppslaget frå 2009 står det å lese:""Seksjonssjef for trafikksikkerhet og vegforvaltning i Statens vegvesen i Nordmøre og Romsdal, Kjetill ...
Geir Ole Sætremyr 10 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøJa, og SVV ville reservere Reknes til formålet.Leste du oppslaget i nrk?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse