Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
06 august 2024 14:08
Del på Facebook
Sigfred Gravvold, Oddmund Solem og Karen Oddny Husby Gravvold framfører variert musikk i programmet. Foto: Bernt Bøe
Sigfred Gravvold, Oddmund Solem og Karen Oddny Husby Gravvold framfører variert musikk i programmet. Foto: Bernt Bøe

Museet i Bøfjorden kan brukast til det meste. Søndag blir det i dobbel forstand «folkeleg» song og musikk.

Trekkspel, duettar, kveding og folketonehistorie(r) fyller programmet. Hovudaktørar er songarane Runa Kvalsund, Karen Oddny og Sigfred Gravvold og musikaren Oddmund Solem. Bernt Bøe bind det heile saman verbalt og lovar både humor og alvor.

Annonse
Annonse

Kristian Halse – ei kulturkjempe

Mykje handlar om folketonesamlaren Kristian Halse (1858-1939). Læraren og familiefaren frå Halsa og Todalen har etterlate seg ein enorm skatt av melodiar og arrangement. Med hjelp av aktørane og Halse-slektningar vil Bøfjorden Historielag vise litt av kva kulturkjempe han var.

Sønnesønnen Kolbjørn Halse på Averøya opplyser at notematerialet etter Kristian no er digitalisert og såleis bevart for ettertida.

Kristian Halse og den meir kjende Edvard Bræin er dei store samlarane av nordmørsk folkemusikk. Perler frå denne skattkista blir å høre på sjøbruksmuseet saman med annan god musikk komande søndag.

Blant sønnene til Kristian Halse var Leif (far til «Vangsgutane»), Olav (organist og kunstmålar) og Kollbjørn (fiolinist og spelemann).

Runa – kulturjournalist og meir til

Runa Kvalsund (37) kallar seg «folkesongar» og framfører gjerne tradisjonsmusikk frå Trøndelag og Nordmøre. Ho har vore journalist i avisa Klassekampen og redaktør i Det Norske Samlaget.

Ho er dertil ein skatta omsetjar av tysk, svensk og dansk litteratur og vart i 2021 nominert til Kulturdepartementets pris for beste omsetjing av barne- og ungdomslitteratur (romanen Vulkan av Oscar Kroon). Runa komponerer ein del og studerer folkesong ved Musikkhøgskulen i Oslo.

Annonse
Annonse

Ho har dukka litt ned i Halse-samlinga og vil på museet søndag synge litt derifrå: – Det blir både visesong og salmetonar, seier ho.

KOS - og ei overrasking?

Trioen Karen Oddny, Oddmund og Sigfred (KOS) har gjesta kyrkjer, forsamlingshus og sjøbruksmuseet ved fleire høve. Ikkje minst held dei populære musikkstunder kvar månad på Surnadal Sjukeheim. Dei er allsidige – med duettsong, solo folketonar og trekkspelmusikk.

Som komponst og solist har Oddmund gjeve ut plata «Av og med Oddmund». Og han lagar stadig nye stykke. Er vi heldige denne søndagen, får vi kanskje ei nyoppføring på kjøpet.

Det ryktast nemleg at Oddmund via far Bjarne Solem har funne att den halvglømde slåtten «Steinutgarden». Den er komponert av onkelen Erling, som var aktiv med fela i både Hjelmen, Sunndal og Nordmøre Spelemannslag i si tid.

Og viss same ryktet talar sant, er denne «steinutgarden» rett og slett den no restaurerte «Klagemuren» attmed bua på Bølandet! No er altså både muren og den tilhørande slåtten gravne fram att!

Læraren, organisten, folketonesamlaren og komponisten Kristian Halse (1858-1939) får brei omtale. Foto: PrivatLæraren, organisten, folketonesamlaren og komponisten Kristian Halse (1858-1939) får brei omtale. Foto: Privat

Kulturjournalist, oversettar og folkesongar Runa Kvalsund (37) gjestar Bøfjorden. Foto: Sara Olavia SanderudKulturjournalist, oversettar og folkesongar Runa Kvalsund (37) gjestar Bøfjorden. Foto: Sara Olavia Sanderud

Halse gav ut mange slike samlingar med eigne komposisjonar og arrangement – mest for kor. Arkivfoto: Bøfjorden HistorielagHalse gav ut mange slike samlingar med eigne komposisjonar og arrangement – mest for kor. Arkivfoto: Bøfjorden Historielag

Plakat

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHan nevner Tautratunellen og minner på at det kan ta tid. Derfor bør Reknes reserveres. Det ha Molde skusla bort. 
Terje Sundsbø 10 timer siden Demokratiets veivalg
Terje Sundsbø 10 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg leste oppslaget fra 2009, før Fergefri E39 ble lansert. Reknes er for lengst ute av bildet. Den som ikke ...
Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøFrå folk på utgåande kontrakt.Bru over Julsundet hastar ikkje, men veg mellom Julbøen og Fuglset hastar.  Kaffeslabberas i formannskapssalen.https://midsundingen.no/nyhende/vi-gir-oss-ikkje-for-moreaksen-er-bygd/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR05-c6vIQLvzJlQXnbLG648T_Ym15RpaisIh90MTlkunDSZBjsEXM3HTKY_aem_XCC4VdLAnflK00jIx7a3lg
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøI oppslaget frå 2009 står det å lese:""Seksjonssjef for trafikksikkerhet og vegforvaltning i Statens vegvesen i Nordmøre og Romsdal, Kjetill ...
Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøJa, og SVV ville reservere Reknes til formålet.Leste du oppslaget i nrk?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse