Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
31 august 2024 16:10
Del på Facebook
Ei tydeleg rørt Mayse (til høgre) har fått blomster, konfekt og gode ord frå styret. No overlet ho trygt stafettpinnen til Liv, som med Jakob på armen rekrutterer nye bøfjordingar. Foto: Bernt Bøe
Ei tydeleg rørt Mayse (til høgre) har fått blomster, konfekt og gode ord frå styret. No overlet ho trygt stafettpinnen til Liv, som med Jakob på armen rekrutterer nye bøfjordingar. Foto: Bernt Bøe

Både vemod og optimisme prega Coop-en på Bølandet fredag. May Iren Dønheim Hovde blir avløyst av Liv Hoås som dagleg leiar.

Attåt blomster og godord til avtroppande Mayse spanderte Samvirke-styret blautkake og kaffe på dei mange som møtte fram ved vaktskiftet. Også desse hadde mange godord til May Iren for innsatsen ho har gjort i sjefsjobben.

Annonse
Annonse

Etter ein til dels krevande etappe på 10 år gir ho no stafettpinnen til Liv Hoås, som også har vore ekspeditør her på bua.

Krona på verket

Bygdefolket er samstemte i at Mayse og ektemannen Geir har utretta mykje for å gjera samvirkelaget levedyktig. Årets modernisering til distriktets første døgnopne hybridbutikk kan reknast som krona på verket.

Det er to artige historiske linjer ved dette vaktskiftet. Mayse vaks opp i Bøgeilen, der samvirkelaget starta handel i 1948. Påtroppande Liv Hoås er tippoldebarn av Endre Hoaas, som i 1880-åra dreiv handel på andre sida av Bøfjorden.

Arbeid er glede

May Iren har ein lang yrkeskarriere bak seg. Som mange i hennar heimemiljø lærte ho tidleg å gjera gagns verk. - Arbeid har vore ei glede, ikkje ei plage, seier ho og er full av lovord om sine kollegaer, samarbeidspartnarar og ikkje minst kundane sine.

Cv’en fortel om start hos Snekvik Kjøtt, arbeid på Coop Enge før Halsa Gjestegård og drift av Rasteplassen på Liabøen. Attåt jobben på Bølandet har ho – som «Buakokkå» - levert mat til mange fester og arrangement.

Ønska jobben!

Da Bøfjord Samvirkelag i 2014 trong ny styrar, sat ho og eit par venninner ein dag ved kaffebordet og prata om dette.

Annonse
Annonse

– Og da fekk eg litt av ein telefon, seier bror Inge Dønheim, daverande leiar i butikkstyret.

– Mayse ringte sjøl og sa ho ville ha jobben!

Styret var ikkje i tvil om at det var framtida for både bua og kundane på Bølandet. Dei neste ti åra viste at dei hadde fått den butikksjefen dei trong.

– Slå ring!

– Vi opplever no at unge etablerer seg her og vil ta tak for bygda si, seier Mayse over kaffekoppen på «Gammelkontoret» der ho blir feira med blautkaka.

– Eg er takknemleg for min stafettetappe på laget og ønskjer Liv Hoås lykke til på den neste, kjem det frå ein rørt veteran. Og med trykk rundar ho av samtalen: – Eg håpar inderleg at bygda også i framtida slår ring om butikken vår!

Litt feiring rundt kaffeborda på «Gammelkontoret». Foto: Bernt BøeLitt feiring rundt kaffeborda på «Gammelkontoret». Foto: Bernt Bøe

Teksten på kaka fortel det alle i Bøfjorden vil ha sagt på avskjedsdagen. Foto: Randi BøeTeksten på kaka fortel det alle i Bøfjorden vil ha sagt på avskjedsdagen. Foto: Randi Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 21 timer siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 21 timer siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Arne Almaas 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Monologer er vel ikke nyheter TS ? Da kan du vel heller skrive dagbok for deg selv. 
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse