Med nybygd rullestoltrapp har Bøfjorden Sjøbruksmuseum no betra tilgangen for alle.
Også før har gjestar med behov for rullestol fått hjelp av vertskapet til å koma seg inn på museet. Men somme kan ha vegra seg for besøk. Da huset vart bygd for 90 år sia, var rullestolinngang ikkje vanleg. Slik sett var det no på tide!
Ein dugnadsgjeng – Kjell Arild Staknes, Leif Erik Staknes, Inge Dønheim og Arnfinn Nessæther – har denne veka bygd den nye trappa. Betten Maskin har levert rista, trematerial kjem frå Bøfjorden Sag og Hans Snekvik har skaffa grus til utjamning av hellinga framfor inngangen.
Med denne dugnaden har bygget fått ei flott 90-årsgåve – til glede for alle som vil gjeste museet i Bøfjorden.