Dersom det er noko som burde vore eit folkeopprør imot, så er det våre Norske bankar.
Når Norges Bank setter ned styringrenta med fyrst 0,5 % og seinare 0,75 % ned til 0,25 %, blir det rett og slett helsikes greinalaust at dei Norske bankane setjer ned renta med HEILE 0,25-0,5 % frå SLUTTEN av APRIL – SKAM dokke, Norske bankar! - dette her heng ikkje på greip!
Med renteøkninger går det knapt ein dag før dokke aukar rentenivået. Og, no oppfører bankane seg i ein nasjonal ekstrem krisesituasjon som nokon som ikkje har FORSTÅTT kva folket og næringslivet her i landet faktisk opplever?
Eg er rett og slett rysta, men egentlig mest skuffa og sjokkert.
Oppmodar at alle her i landet på mandag, ringer sine bankar og forlanger ei seriøs nedsetting av rentenivået i tråd med det Norges Bank har gjennomført i den nasjonale krisesituasjonen landet vårt faktisk er i.
Når Stortinget og regjeringa kjempar mot den største utfordringa vårt land har opplevd etter 2. verdenskrig, forventar og forlanger det Norske folk at alle instansar her i landet følger opp dugnaden som no er nødvendig.
At Norske bankar er sylkjapp med å auke rentene når dette er mulig, og «snegletreg» med å setje ned rentene, er rett og slett ikkje akseptabelt.
No trenger vårt land at alle bidrar, dette gjelde i høgste grad også våre bankar.
Å utsette nedsetting av rentenivået til April/Mai og med eit lavt nivå, vert opplevd rett og slett som ein grov provokasjon mot innbyggarane og næringslivet i heile Norge.