Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
Kristin Sørheim
29 mars 2020 22:35
Del på Facebook
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa sendte fredag ut eit forslag om å gå over til kontaktlaus billettering, dvs. AutoPASS brikke eller skiltavlesing. Høyringsfrist er måndag kl 09. Forskrifta kjem som eit resultat av koronasituasjonen og med heimel i den nye koronalova.

Det er rett og nødvendig å gå over til kontaktlaus billettering og viser at AutoPASS er ei god langsiktig løysing også. Problemet er takstane – at det blir for dyrt for pendlarar og næringsliv i kystfylka. I høyringsbrevet står det at Samferdselsdepartementet skal fastsetje regulativ i eiga sak, altså veit vi ikkje kva takstane blir.

Overgang til AutoPASS regulativ betyr over 30 % takstauke for ferjebrukarane i ei krisetid. Det vert i notatet bagatellisert med å seie at takstane skal justerast litt ved bortfall av personbillettering. 30 % er ikkje litt, verken for dagpendlarar eller næringsliv.

I Møre og Romsdal er dette innført på riksvegferjene Fetsøya-Solevågen og Volda-Folkestad. Med den nye forskrifta vil det gjelde Halsa-Kanestraum og Molde-Vestnes. For fylkesferjer er fylkeskommunen takstmynde. Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å auke med to takstsonar (ca 15 % takstauke) frå 1. januar, gå ned til ein frå 1.juli og ikkje innføre AutoPASS- regulativ, dvs ikkje auka takstar på grunn av bortfall av personinntekter før 1.juli.

Forskrifta bør ikkje iverksetjast før det er semje om eit mellombels takstregulativ for denne korona-krisetida, likt for riksveg- og fylkesvegferjer, og der ferjetakstane vert sett betydeleg ned. Stortinget må vedta kompensasjon for bortfall av inntekter for fylkeskommunane. Ferjer er samfunnskritisk infrastruktur. All auke av ferjetakstar i denne krisetida er veldig alvorleg for dei få som no er avhengige av å bruke ferje for å halde samfunnet gåande. Stortinget kan vedta dette i den krisepakken dei no forhandlar om.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 18 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse