Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Marit Nerås Krogsæter
Ytring
19 august 2020 20:31
Del på Facebook
Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleder i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Privat
Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleder i Senterpartiet si fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Marit Nerås Krogsæter, Gruppeleder i Senterpartiet sin fylkestingsgruppe, Møre og Romsdal fylkeskommune

Regjeringa «ønsker at fylkeskommunen skal få mer ansvar og større eierskap til utviklingen av kunst- og kulturtilbudet i den enkelte region». Det er i alle fall det som var bakgrunnen for den kulturpolitiske regionreforma som brått vart avlyst av noverande kulturminister. I møtet med den tidlegare kulturministeren på kulturpolitisk toppmøte i november, meldte Møre og Romsdal fylkeskommune, og dei fleste fylkeskommunane, at me er positive til regionreforma sin intensjon om å desentralisere makt, tydeleggjere det politiske ansvaret og styrke fylkeskommunen si rolle som regional samfunnsutviklar og samordnar. 

I kulturmeldinga er det trekt fram eit perspektiv om at den nasjonale kulturpolitikken er summen av kommunal, fylkeskommunal og statleg kulturpolitikk og ein må sjå på verkemiddel og tiltak på alle dei tre forvaltingsnivåa i ein samanheng. At fylkeskommunane framleis skal vere bindeleddet mellom stat og kommune, er ei rolle eg meiner er viktig, men ein må sjå forvaltinga av det felles ansvaret me har for kulturen som heilskap. Dette er eit perspektiv som har prega den fylkeskommunale kulturpolitikken vår i Møre og Romsdal.

Statsråd Abid Raja sa i det andre dialogmøtet under koronasituasjonen at han skulle reise land og strand rundt for å ha ein dialog om korleis kulturlivet skal forvaltast og utviklast i tida framover, og at han skulle kome i løpet av sumaren. Fylkeskommunane har i fleire omgangar vore tydelege på at staten må ha ein systematisert dialog med fylkeskommunane for å kunne utvikle det felles kulturfeltet vidare. Opplevinga frå besøka i sumar har diverre vore at statsråden er meir oppteken av enkeltinstitusjonar, enn fylkeskommunen som forvaltningsorgan med delansvar for den nasjonale kulturpolitikken. Sjølvsagt er det flott for Møre og Romsdal å ha ein statsråd som kjenner til Sunnmøre museum, Moldejazz og Atlanterhavsparken, men kulturlivet og kulturpolitikken i Møre og Romsdal er så mykje meir enn dette. 

Skal ein nå målet som at den nasjonale kulturpolitikken skal vere summen av den kommunale, fylkeskommunale og statlege kulturpolitikken slik som kulturmeldinga seier, så må statsråden og departementet lage desse møteplassane for å kunne utvikle og samordne denne nasjonale politikken, saman med fylkeskommunen og aktørane. 

annonse

Møre og Romsdal har vore tydelege sidan starten av den kulturpolitiske regionreforma at me er klar for å ta imot nye oppgåver, men at føresetnaden er at det må vere ein samanheng mellom makt, mynde og midlar. Det er dette med midlar som har vore det største ankepunktet frå fylkeskommunane si side når det gjeld reforma og overføring av oppgåver. 

I alt for mange demokratiseringsreformer, så har staten gjeve frå seg oppgåver og ført over mindre midlar til fylkeskommunane for å drifte desse enn det staten hadde sjølv, og det er det som er den største utfordringa. Ikkje det at fylkeskommunane ikkje vil ta eit større ansvar for kulturen. Kulturen er ikkje eit dugnadsprodukt som ein skal halde på med berre fordi det skapar glede, det er eit reelt politikkfelt der ein treng midlar for å utvikle, fornye og utvide, til glede for fleire. 

Kulturmeldinga er klar på at «eit større ansvar for kulturoppgåver hos fylkeskommunane vil gi rom for regionale vurderingar og prioriteringar. Samtidig kan måloppnåinga i kulturpolitikken bli betre, ved å sjå verkemiddel og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i samanheng». Så sjølv om den kulturpolitiske regionreformen er lagt daud i den forma den var tenkt, så har me framleis ei kulturmelding som seier at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver. Det er på tide med ei oppgåveoverføring med reell makt, mynde og midlar slik at fylkeskommunane kan vere med på å nå målsettingane som kulturmeldinga har satt. Skjer ikkje dette, så har me ei statleg forvalting med manglande visjonar for det regionale kulturlivet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 1 timer siden Møreaksen bør prioriteres først på fergefri E39
@Terje SundsbøJaja, du får nå bare fortsette å bo i din egen lille drømmverden. 10. plass av 20, er ikke høyt ...
@Anne Mari SandshamnDine 3 første linker viser til prioriteringene fra mai, før revidert statsbudsjett nå i september. Og som du påviser – ...
Frode Hoseth 8 timer siden Et utspekulert verktøy
Idag den 07.10.2022 er Norges dag der Den Norske Nobelkomiteen sender signaler om (grunnleggende) menneskerettigheter, demokratiet og fredelig sameksistens for ...
Anne Mari Sandshamn 9 timer siden Møreaksen bør prioriteres først på fergefri E39
@Terje SundsbøLest denne Terje? : https://www.veier24.no/artikler/her-er-lista-vegvesenet-prioriterer-disse-store-veiprosjektene/519367   MA er ikke nevnt engang på noen av listene for de neste 5 år -  fakta ...
Mange gode nyheter for Møreaksen i statsbudsjettet. F.eks. gratis ferger til Otrøya og Gossen, noe som vil øke andelen av ...
Anne Mari Sandshamn 1 dager siden Møreaksen bør prioriteres først på fergefri E39
@Terje SundsbøLaaaaangt derifra gitt :) MA er gravlagt :) 
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Foreslå arrangement

Vis kalender

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte