Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Lars Valderhaug
Ytring
02 oktober 2020 14:06
Del på Facebook
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Lars Valderhaug. Foto: Privat
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det gler meg at Langfjordsambandet (LFS) no ser ut til å få vind i segla som overflateløysing, og interesse til og med frå svorne undervasstilhengjarar som Reistad og Orten!

No har eg vel ein mistanke om at interessa frå einskilde skuldast meir enn berre eit mogeleg fergefritt samband over Langfjorden, og noko anna enn ei brå oppvakning frå ideen om å køyre dei lange tunnelane i Møreaksen. Nei, dei har nok lært seg at det er mogeleg å ha to tankar i hovudet samstundes: Undersjøisk er perfekt for Møreaksen, og oversjøisk er (om sider!) perfekt for Langfjorden! Men det snik seg likevel inn ein mistanke om at einskilde (ingen nemnt, ingen gløymd) trur at dei kan bli kvitt ein masete konkurrent til Møreaksen ved å få etablert LFS. Er det heile berre utslag av vikarierande argument? Dette viser kor forskjellige vi er, og kor forskjellig vår hjerne fungerer. For mi hjerne fungerer slik:

Fylkesvegprosjektet LFS gjer ikkje Romsdalsaksen (RA) overflødig mot E6 sørover, men RA og LFS kompletterer kvarandre: RA skaffar bru over Fannefjorden, så det ikkje blir behov for nytt løp i Fannefjordtunnelen, og sparer fylket for store summar. RA skaffar ny effektiv veg utanom bebyggelsen på Skålahalvøya. I tillegg til å eliminere behovet for ei oppgradering av fylkesveg 64 på Skålahalvøya, kan RA redusere behovet for ei kostbar oppgradering av fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes grunna oppgradering og mogeleg innkorting av E136 «Eksportvegen». (Eg satsar på at det er større sjanse for at Staten tar dei aktuelle oppgraderingane og effektiviseringane av vegane enn eit økonomisk stressa fylke.)

I tillegg til å skaffe ein raskare reiseveg frå Nordmøre og Romsdal til Åndalsnes via LFS, blir også ferda tryggare med komboen LFS/RA. Ein slepp å køyre den bratte (inntil 10% stigning) og fuktige Fannefjordtunnelen, som overraskar bilførarane med kondens på vindauga. Reisetida Nordmøre-Åndalsnes blir også redusert ved at ein slepp omvegen via Fannefjordtunnelen.

Så Orten, Reistad & co må gjerne setje fokus på overflateløysingar! Det er eit lurt trekk og eit klokt val! I staden for at LFS blir byggjetrinn 2 etter RA, kanskje kan det bli det som initierer RA? Ulempen med den rekkefylgja er at LFS då ikkje kan bli ein integrert del av RA. Så det beste for LFS ville vere at RA vart bygd først.

Eg hevar glaset for dei tålmodige og standhaftige forkjemparane for ei overflateløysing over Langfjorden. Fornufta sigrar ofte til slutt! Kanskje smittar dette av til andre delar av fylket? Lukke til!

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 4 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrJeg stoler på ditt referat. Eller er det noe viktig du har utelatt? På samme måte har det også vært ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøDu har to alternativ: meld deg inn i fb gruppa, eller be SVV om å få ein kopi av ppt.-presentasjonen ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrPå samme måte har det også vært forslag om å flytte fergeleiet bort fra sentrum av Molde. Det blir nok ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Skrot fergene
@Terje SundsbøSVV har hatt oppstartsmøte med Vestnes kommune det dei skal oppgradere kaianlegget på Furneset, inkludert trinn 2 der kai nummer ...
Terje Sundsbø 9 timer siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDu er klar over at du linker til en internettside som krever medlemskap hos Facebook? Altså ikke åpen tilgjengelig for ...
Bjørn Arild Reed Jacobsen 9 timer siden Framtidens teknologi med Møreaksen
@Terje SundsbøTerje Sundsbø, du har en tendens til å komme meg i forkjøpet . Skulle akkurat til å stive det samme ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse