Sp og Ap har vedteke at kua i realiteten skal fjernast her i fylket innan 10 år og landbruksnæringa såleis avvikla, då dei har vedteke at fylket skal vere 100 % klimanøytralt innan 2030.
I sist fylkesutvalgsmøte vedtok eit fleirtal med Sp og Kristin Sørheim i spissen, at Møre og Romsdal skal vere 100 % klimanøytralt om 10 år.
Fylkesleiar i Ap, Per Vidar Kjølmoen såg galskapen, då han påpeika at konsekvensen av framsnakkinga frå Sp og Sørheim om 100 % klimanøytralt fylke om 10 år, i realiteten betyr at kua må vekk innan 2030 i vårt fylket, og landbruksnæringa leggjast ned.
Per Vidar Kjølmoen fremma framlegg om at det skulle vere 50 % klimanøytralt her i fylket innan 2030, men vart motargumentert og stemt ned av Sp ved Kristin Sørheim og co.
Alle forstår at verken landbruksnæringa eller andre næringsdrivende kan fortsette med sin drift, dersom eit mål om 100 % klimanøytralt fylke skal gjennomførast.
Sp var også heilt spesielt i spissen i klimakur saka tidligare i år, med at det skulle produseres mindre kjøtt her i fylket og ete meir grønt.
Tang og tare var vist tingen, medan kua, sau og gris vist ikkje lenger er på moten i Møre og Romsdal Senterparti.
Såleis er Sp den desidert største motstandaren av landbruksnæringa her i fylket, og det er skremmande at Sp i Møre og Romsdal no ser ut til å bli styrt av Marit Krogsæter og Kristin Sørheim, som forfekter ein politikk som i realiteten er med på å avvikle landbruksnæringa i Møre og Romsdal.
Ikkje veit eg kva desse to Sp-leiarane bedriver med, men det er ivertfall milevis frå normal Sp politikk!
At Sp i Møre og Romsdal er for «kjøttskam» og forfekter ein politikk som skal byggje ned kjøttproduksjonen er i seg sjølv aldeles greinalaust, men verst er det at Sp ser ut til å forlate det meste av distriktspolitikken, der klimakur, klimamål og bypakkar/byutvikling er viktigare enn opprettholdelse av landbruksnæringa, og til dømes vidaregåande skular og ei forsvarleg og billig ferjedrift i distrikta.
Vi i Møre og Romsdal FrP kjem til å kjempe for landbruksnæringa og ei god utvikling av distrikta i vårt fylke, og at kua får gjere det den må utan at klimakur og anna miljø og klimahysteri skal få true landbruksnæringa eller distrikta ein tøddel.