Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
08 november 2020 15:14
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

FrP har omtalt auken i ferjeprisane som greinalause og aldeles unødvendig, med bakgrunn i at fylket har pengar nok og lever i sus og i dus økonomisk.

No avlyser fylkeskommunedirektøren økonomikrisa i fylkeskommunen, og gjev såleis FrP her i fylket aldeles rett i vår kamp mot «røkla» Sp, Ap osv. som har ivra for å auke ferjeprisane kraftig.

«Avlyser økonomikrisa» – er overskrifta i mange regionsmediar for tida, ang. fylkeskommunen sin økonomi.

Heilt frå budsjettsaka for eit år sidan, har vi i FrP her i fylket gong på gong fremma framlegg om å kutte ferjeprisane og takstaukane som vart vedteke av Sp, Ap.

No går fylkeskommunedirektøren ut, og gjev FrP heilt rett i at fylket har meir enn nok pengar sjølve, til å hindre auka ferjeprisar og auka takstsoner.

Sitat frå Fylkesrådmann:

– Vi kommer ikke til å komme i en situasjon som gjør at vi havner på Robek-lista. Vi har stålkontroll på driftsutgiftene våre, sier Guttelvik til Sunnmørsposten.

Kva var det vi i FrP har hevda?

Heile spetakkelet til Sp som har forsøkt å «skape» eit distriktsopprør mot ferjeprisane, er berre eit dårleg politisk spel, og slett ikkje ein realitet.

No får vi i FrP med oss Høgre og Sp og sikkert Sunnmørslistene og Nordmørslista, til å – IKKJE auke ferjeprisane med 1 takstsone.

Ap og fylkesordførar Tove Lise Torve hevdar dei og vil stemme for å ikkje auke ferjetakstane, i så fall veldig bra at også Ap erkjenner at fylkeskommunen har pengar nok og kan ta ansvaret for eiga drift slik vi i FrP har hevda lenge, utan å til stadig sende rekninga til innbyggjarane og næringslivet.

Samtidig vil nok Ap fortsatt kome til å skulde på Stortinget, regjeringa og Erna, samtidig som fylket «lever i sus og i dus» økonomisk og brukar 350 mill Kr på bypakkar og opera, og til mykje, mykje meir slik som unødvendige prosjekt og kraftig auka administrasjon.

Flott no spesielt at Høgre og Sp støttar oss i kampen mot høge ferjeprisar og auka takstsoner, og at fylkeskommunen sjølv må ta ansvaret for eiga drift.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 18 timer siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøSaksa frå referansegruppemøte 17.08.23: Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige midler til vegbygging ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 6 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Geir Ole Sætremyr 6 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDer er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse