Annonse
KSU – Vipps – desktop
Dordi Boksasp Lerum
Ytring
Dordi Boksasp Lerum
06 november 2020 07:25
Del på Facebook
Dordi Boksasp Lerum, leder Møre og Romsdal Senterungdom
Dordi Boksasp Lerum, leder Møre og Romsdal Senterungdom
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Møre og Romsdal er proppa fullt med rovdyr som jerv og gaupe. Likevel ynskjer sokalla «dyrevernarar» å ta vare på det minst berekraftige i norsk natur: rovdyra. Senterungdomen er dei ekte dyrevernarane. Difor ynskjer vi å skyte fleire rovdyr.

Det var eit politisk samla Storting som i 2011 vedtok rovdyrforliket. Rovdyrforliket seier noko om kor mykje rovdyr vi ynskjer å ha i ulike delar av landet vårt. For Møre og Romsdal sin del tyder det at vi skal ha tre ynglingar med jerv kvart år og tre familiegrupper med gaupe.

I fylgje Rovdata ligg bestanden for jerv og gaupe høvesvis 73% og 53% over bestandsmålet for rovdyrsona Møre og Romsdal ligg i. Tala er aukande.

Samstundes som vi har eit fylke proppa fullt av rovdyr, sit det folk som kallar seg «dyrevernarar» og  ynskjer seg endå fleire rovdyr i norsk natur. Fleire av desse «dyrevernarane» sit gjerne på kafear i Oslo sentrum og et importert mat medan dei likar facebookpostar med glorifiserte bodskap om rovdyr. «Dyrevernarar» som manglar all bakkekontakt.

Faktisk vart vedtaket om felling av to jervar i Møre og Romsdal påklaga av Naturvernforbundet seinast i år. Meiner sokalla «naturvernarar» og «dyrevernarar» at halvdøde sauer spreidd rundt om i fjellet er god dyrevelferd? Skjønar dei at alternativet til ein haug med døde rovdyr er ein haug med døde sauer?

Slike rovdyrromantikarar representerer, saman med Høgre-regjeringa, ein av dei største trugslane mot norsk matproduksjon nokon sinne. For det er dette som står på spel. Norsk matproduksjon, mattryggleik og norske arbeidsplassar. Det handlar om at du og eg kvar dag skal kunne ete verdas beste og reinaste kjøt frå den norske bonden. Dette vil Senterungdomen alltid kjempe for.

Eg kjem sjølv frå eit småbruk, og kvart år missar vi sauer til rovdyr. Når «dyrevernarane» meiner vi burde «passe betre på dyra» eller «vere på fjellet og gjete», so viser det berre kor lite realitetsorienterte dei er. Eg ynskjer dei iallfall lukke til med å gjete opp til fleire hundre sauer kvar time, kvar dag, fleire månadar i strekk, i utmarka til ei løn langt under fattigdomsgrensa.

Senterungdomen er dei ekte dyrevernarane. Vi meiner dagens rovdyrforvalting er direkte uklok og at vi må skyte fleire rovdyr i Møre og Romsdal!

Av Dordi Boksasp Lerum, leder Møre og Romsdal Senterungdom.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 13 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse