I vår skal Stortinget behandle Nasjonal transportplan for perioden 2022 til 2033. Den inneholder forslag om en rekke vei- og jernbaneprosjekt som vil føre til nye klimagassutslipp.
Men politikarane kan påvirke kor store desse utsleppa skal bli ved å stille krav.
– Skal vi nå målene, blir dette eit viktig virkemiddel for å redusere utslippa i anleggsfasen, seier Helge Orten.
Er det verkeleg mulig å bløffe så fundamentalt, når regjeringa og leiaren i Transportkomiteen frontar bygging av landets verste prosjekt ang. både utslepp og miljø, nemleg Møreaksen?
Møreaksen skal byggjast med 1080 meter stigning i nord/sør trasé, rett igjennom Molde by med mange rundkøyringar der vogntoga på 40–50 tonn må ned i 0 kilometer i timen fleire gongar, totalt med tonnevis av utslepp i Norges verste miljøprosjekt.
At Helge Orten torer å nevne satsing på reduksjon av utslepp i vegbygging, er så til de grader frekt at det nesten ikkje er sidestykke.
Møreaksen har alternativ som omtrent ikkje har utslepp, ved Romsdalsaksen oppe på sjøen, eller fortsatt ferjer med 0 utslepp.
Eg er ingen miljøfanatikar, men til og med eg forstår godt når Lastebileigarforbundet forklarar det enorme drivstofforbruket som medgår på Møreaksen, og den enormt store risikoen for brann i slike svært djupe tunellar.
Djupe undersjøiske tunellar slik som Møreaksen ned på mange hundre meters djup, er alle yrkessjåførar og folk flest sin skrekk med tanke på brann.
Kvifor bygge slike miljøfiendtlige og farlige vegprosjekt Møreaksen, som spyr ut med utslepp og medfører negativitet kontra Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer?
Vi i FrP tar også miljøet på alvor og viser det faktisk i praksis ved å skrote Møreaksen.
Høgre, Sp og Ap prater på inn og utpust om klimamål,kjøttskam, miljøfylke nummer 1, og vedtek urealistiske planar der til og med Kua vert snart forbudt, men i prosjekt som verkeleg fortureinar med gigantutslipp slik som Møreaksen, nei det er svære greier!
På tide folk flest her i fylket setter foten ned for Møreaksen ein gong for alle, og det er DITT valg ved Stortingsvalget i september.