Den norske bonden produserer noko av verdas reinaste og tryggaste mat. For at vi kan ete godt, norsk kjøt, friske grønsaker, egg og meieriprodukt, står det bønder bak som arbeider kvar dag i heile landet. Likevel kom staten den 4. mai med eit skammeleg tilbod i jordbruksforhandlingane. No meiner Møre og Romsdal Senterungdom at det er på tide at bøndene får betalt for jobben dei gjer!
Sjølv om bonden har ein av dei viktigaste jobbane, har dei store utgifter knytt til drifta samstundes som at dei har ei elendig løn. Mange bønder tener langt under fattigdomsgrensa. Gjennomsnittsbonden i Møre og Romsdal tener i fylgje SSB 188.900 kroner på jordbruksverksemda. Til samanlikning tener fylkesordføraren over 1,2 millionar, gjennomsnittslæraren rundt 560.000 og byråkraten 600.000 kroner. Det er ikkje slik at vi ynskjer å setje yrkesgrupper opp mot kvarandre, men noko må ein samanlikne med: Lønsgapet må tettast!
I årets jordbruksoppgjer bad bøndene om 2,1 milliardar kroner. Dette for å sikre bøndene sine inntekter, sikre velferdsgoder for bøndene og støtte til investeringar i landbruket, i tillegg til midlar for omlegging til lausdriftsfjøs.
4. mai kom staten med sitt tilbod. Dei vil gje bøndene 962 millionar kroner – under halvparten! Møre og Romsdal meiner det er skammeleg av regjeringa, og syner nok ein gong at dei ikkje bryr seg om norsk landbruk.
Møre og Romsdal Senterungdom støttar bondeopprøret og krev at bøndene får innfridd sitt krav i jordbruksforhandlingane.