Sp vil elektrifisere sokkelen, noko som vil kreve 1600 nye vindmøller og milliarder av kr i utgifter som vil sender nettleiga og straumprisen til vanlige folk til himmels.
No må det jaggu snart ta slutt med greinalaus symbolpolitikk frå Sp og andre raud/grøne parti, som liksom er imot å rasere Norsk natur, men som faktisk gjer dette med sine hjelpeslause klimatiltak.
Skal vi rasere Norsk natur i jakta på billig symbolpolitikk som ikkje vil hjelpe naturen eit komma?
FrP er imot vindkraft på land og definitivt imot å elektrifisere sokkelen.
Pr i dag er det eit lite kraftoverskudd på 15–20 TWh her i landet, og dersom fleirtalet på Stortinget med Sp i spissen skal elektrifisere sokkelen vil fastlandet mangle haugevis med straum, som etter ei nyleg beregning altså vil medføre eit behov for 1600 nye vindmøller.
Som vanlig, seier Sp at dei ynskjer billigare straum, medan dei stemmer for praktisk politikk i Stortinget som medfører kraftig auke.
Sp i praksis, seier ein ting og gjer stikk motsatt!
Norsk næringsliv og det Norske folk trenger billig straum og forutsigbare rammevilkår.
FrP krev lavere nettleige og lavere straumpris, Stem FrP!