Dei store dyre kostnadskrevande prestisjeprosjekta må no setjast på vent. Fjordkryssingane til fleire titals milliardar må vente.
Kva med å bygge ferdige vegane folk brukar? Europavegar, riksvegar og andre hovudvegar som er viktige for folk kvar dag.
I fylket vårt er det altfor mange flaskehalsar på vegane, hårnålsvingar, smale vegar utan gulstripe, svake vegskuldrar, vegar med rasfare, vegar med dårleg sikt pga vegetasjon langs vegbana og dårlig kurvatur.
Dagens vegstandard fører til ulykker, høgare energiforbruk for bilane og høge kostnader for næringslivet.
Å ruste opp vegane vi har er god distriktspolitikk, skapar tryggare ferdsel, er bra for miljøet , viktig for næringslivet og vil komme framtidige generasjonar til gode.