Når Orten og Høgre, Sp og Ap skal bruke 25–35 milliard kr på Møreaksen, betyr dette NULL kr til alle andre større prosjekt her i fylket i mange tiår framover.
I over 30 år har vi venta på 3–4 milliard kr for å gjennomføre den heilt nødvendige utbygginga av Eksportvegen E136 Romsdalen!
I over 30 år har vi venta på ny E39 Blindheim–Breivika med utbetring av Veibustkrysset!
I tiår på tiår har vi venta på ny rv15 Strynefjellet!
I årevis har vi venta på full utbygging av rv70!
I årevis har vi venta på utbetring av E39 Volda til Festøy, spesielt «krøtterstien» ved Rindane.
I år etter år har vi venta på rehabilitering av Ålesund og Volda sjukehus til ca 3 milliard kr, og no blir Kristiansund Sjukehus nedeskalert der Høgre og Ap heller ikkje ynskjer framtidig fullverdig fødeavdeling.
I år etter år snakkar Høgre, Sp og Ap KUN om Møreaksen som meir enn 75 prosent av innbyggjarane her i fylket ikkje vil ha, medan alle dei andre viktige prosjekta og tjenestene her i fylket, kan sjå laaaangt etter penger i Statsbudsjetta framover dersom Møreaksen blir realisert.
FrP vil ha fortsatt ferjer eller den mykje billigare og betre Romsdalsaksen for kryssing av Romsdalsfjorden.
STOPP Høgre, Sp og Ap sin meiningslause pengebruk og prioritering av Møreaksen, STOPP Møreaksen!
Stem FrP!