Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
16 januar 2022 12:39
Del på Facebook
Foto: Erik Johansen / NTB
Foto: Erik Johansen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det norske folk vil ikkje gå med lua i handa til staten for å be om hjelp og støtte med bakgrunn i skyhøge straumprisar, folket og næringslivet vil ha ein fornuftig lav straumpris i energiriket Norge.

FrP sitt framlegg om maxpris på 50 øre kWh er akkurat det samme prinsippet som regjeringa har lagt til grunn.

Forskjellen er at regjeringa seier 70 øre kWh og dekke 80 % over dette, vi seier 50 øre kWh og dekke 100 % over.

Både FrP og regjeringa vil ikkje røyve markedsmekanismen men staten dekker forbruker og næringslivet med bakgrunn i at staten tar inn ca 40 milliard kr ekstra på dei skyhøge prisane.

Rødt derimot vil ha makspris med 35 øre og styre markedsmekanismen noko som slett ikkje er akseptabelt.

Når Rødt også vil leggje ned vår olje og gassproduksjon og samtidig vil auke skattar og avgifter med fleire titals milliard kr, så trur eg vi berre gløymer Rødt framover.

Ja, vist var både FrP, Sp, Ap og Høgre osv med på både kablar, ACER osv tidligare, men eg er innvalgt på dagens partiprogram.

FrP stemte ilag med Sp imot ACER sist saka var oppe i 2021, og vi har fremma framlegg på å stoppe eksporten av straum framover ved lav magasinfylling.

Dei skyhøge straumprisane vi no ser, kjem med bakgrunn i ein aldeles feilslått klima og miljøpolitikk i Europa. Dei nettar ned sine atom og kolkraftverk, har forsøkt seg med vind og solkraft utan særlig hell, og har gjort seg totalavhengige av gass. Dette har ført til at gassprisane har gått til himmels og straumprisen blir dradd med.

Vi kan gjerne holde oss i historien, men no dreier det meste seg om dei skyhøge straumprisane som vi må håndtere her og no.

Så trenger vi sjølvsagt meir straum framover samt utbygging av linjenettet her i landet. FrP vil ha meir vannkraft, effektivisere eksisterande anlegg og bygge ut skånsomt med ny teknologi der dette er mulig utan å ramme verken miljø eller verneverdiar. Mange vassdrag har store flom problem. Dette kan løysast med begrensa kraftutbygging og regulere dette samtidig som ein får kraft som ellers berre forduftar.

Regjeringa, SV og Høgre ynskjer elektrifisering av sokkelen, noko vi i FrP er sterkt imot.

«Det er aldeles greinalaust å sende 10 % av vår reine vannkraft ut på sokkelen og sende gassen til Europa som brenner den der i gasskraftverk»

Dette er ein gass vi i Norge liksom ikkje kan bruke.

Europa får klima og miljøpriser for sin bruk av naturgass, men her i Norge kan ein ikkje bruke sin eigen gass, forstå det den som kan.

Elektrifisering av sokkelen skal koste 50 milliard kr ++, som eg og du som innbyggjar må betale via auka straum og nettoprisar.

I tillegg skal dei samme partia bygge ned våre fiskefelt med Havvind.

Havet er vårt «blå spisskammers» og dette er ei av Norges største næringar. Skal havvind byggjast skal dette IKKJE skje på bekostning av fiskeri og havbruksnæringa eller andre viktige næringar.

Kablane frå havvind skal ikkje vere hybridkablar, som i realiteten berre er nye kablar til Europa som er med på å drive straumprisane etter Europeisk nivå.

No må Stortinget sørge for at Norge får billig og nok strøm til sine innbyggjarar og næringsliv, vi kan vere ei «oase» for næringsaktivitet med rimeleg kraft og ha ein fordel, vi har nok ulemper frå før.

No på kort sikt må straumprisane til folket, hytter, burettslag, landbruk, gartneri og resten av næringslivet vere på eit akseptabelt nivå.

Det norske folket eig krafta, og stort sett er det offentlig eigde kraftselskap. Då må Stortinget klare å sette ein pris på straumen framover som alle kan leve med.

FrP har sagt 50 øre kWh, og vi har invitert dei andre partia til eit møte på mandag 17/1, for å forsøke å samle Stortinget til eit forlik om strømpris.

Eg håpar vi kan få til dette, og finne eit nivå for ein strømpris som folk flest og næringslivet kan leve med.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 22 timer siden Etterlyser rømling internasjonalt
TK viser usladdet bilde.
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse