Når Statens vegvesen ikkje klarer å prosjektere og beregne ei bru slik som på Tretten som knekker ihop etter få år, korleis skal vi kunne ha tillit til planlegging av Møreaksen, snart 400 m under fjorden rett gjennom omfattande jordskjelvforkastningar?
Seinast sist natt vart det registrert to større jordskjelv rett sør om Romsdalsfjorden.
Har vi og kan vi ha tillit til at Statens vegvesen veit kva dei holder på med ang Møreaksen og jordskjelvområdet?
Det er også svært dramatisk når ei stor bru slik som på Tretten kollapsar. Enda verre er det at Statens vegvesen godkjente denne brua få veker før den knakk ihop i pinneved.
Korleis kan slikt skje, korleis kan eit planleggings- og berekningsregime i Statens vegvesen faktisk kunne godkjenne slike aldeles greinalause byggverk som trebrua på Tretten?
Når slikt skjer blir det nødvendig med omfattande gransking av hendelsen på Tretten, men like mykje heile planlegging, berekning- og godkjenningsregimet i Statens vegvesen.
Ei bru slik som den på Tretten skal vare i minst 75 år, og helst vesentlig lenger. At den så kollapsar etter nokre få år er rett og slett skremmande.
Dette får meg til å undrast over om nødvendig tryggheit er forsvarleg handsama, planlagt og prosjektert også i andre større samferdselsprosjekt rundt omkring i landet?
Eg det prestisje som styrar dette, på bekostning av sunn fornuft, tryggheit og sikre byggverk?
Det SKAL være trygt å ferdast på norske vegar, bruer, tunellar osv.
Korleis er då til dømes planlegginga, prosjekteringa, berekningane og alle nødvendige faktorar ikring verdensrekord i undersjøisk tunell som planleggast på Møreaksen? Korleis kan denne garantert være trygg gjennom omfattande jordskjelvforkastningar når vi ser at Statens vegvesen ikkje klarar å beregne trygt ei simpel bru?
Eg er skeptisk, svært skeptisk og vil kreve full gransking av tryggheita og sikkerheita for planlegginga av Møreaksen.
Ved å fremme eiga sak til Stortinget for dette, vil eg utfordre regjering og samferdselsminister der dei klart og tydeleg skal få garantere at Møreaksen sitt høgrisikoprosjekt er 100% trygt.
Kan dei garantere at det faktisk er trygt og sikkert for folk flest og næringslivet å bruke Møreaksen sin snart 400 m undersjøiske tunell rett gjennom omfattande jordskjelvforkastningar dersom den blir bygd?
Ein slik garanti er nødvendig, spesielt med tanke på at Stortinget ikkje behøv å bygge Møreaksen under fjorden i høgrisiko, då det faktisk er fleire alternativ slik som Romsdalsaksen oppe på sjøen risikofritt.
Statens vegvesen har arrogant feid vekk all kritikk, skepsis og fagleg bekymring ikring jordskjelvsproplemstikken ved Møreaksenprosjektet.
Er dette gjort på grunn av prestisje, eller faktisk kompetanse og fakta, og kven i Statens vegvesen kan garantere tryggheita?
Møreaksen prosjektet er eit høgrisikoprosjekt som staten Norge aldri må finne på å bygge.