Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
23 februar 2023 12:19
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Er det mulig å prestere noko så inn i hampen greinalaust som å hevde at Møreaksen er vårt fylke sin InterCity?

Ein Møreakse med «svimlande» 2292 bilar over fjorden pr. dag er så hinsides langt vekk frå alt som har med InterCity å gjere som det faktisk går an å oppnå.

Annonse
Annonse

80 millionar reisande årleg med tog og i hovudsak ved InterCity, blir rett og slett useriøst og kompetanselaust å samanlikne med galskapens prosjekt Møreaksen.

Kva er Intercity?

Jau, InterCity (også omtalt som bl.a. InterCity-utbyggingen, InterCity-strekningene og tidligere InterCity-triangelet) er en betegnelsen på utbyggingen av jernbanelinjene fra Oslo og mot Halden, Skien, Lillehammer og Hønefoss, og omfatter Østfoldbanen, Vestfoldbanen, Dovrebanen og Ringeriksbanen.[1] Rundt 80 % av Vys passasjertrafikk skjer innenfor disse strekningene.

Det neste galskapens akse Møreaksen og Møreaksenklanen planlegg, er sikkert at dei ynskjer togstrekning på Molde?

Møreaksen har absolutt null bu- og arbeidsmarknadseffekt, absolutt svært begrensa pendlareffekt, og framstår regelrett som tidenes sløseriprosjekt.

InterCity er eit viktig transportsystemet over store delar av dei folkerike delane av landet, heilt nødvendig for å frakte folk og arbeidspendling til og frå i store delar av landet.

Møreaksen har ikkje ein slik funksjon, og vil faktisk kunne oppnå stikk motsatt verknad.

Annonse
Annonse

I dag pendlar mange hundre frå Vestnes til Molde gratis med ferja, med Møreaksen blir bompengane betydelege pr. dag, noko som er utalt frå mange at dette må føre til at ein må finne seg anna jobb. Dei daglege kostnadane frå øyane blir også betydelege, og i grell kontrast til dagens gratisferjer. Når folket på øyane klaga over kostnadane med ferjer og kravde gratisferjer, er det ganglaust når dette blir skifta ut med svimlande summar i bompengar.

Heldigvis er Møreaksen skubba langt ut i tid, og den nasjonale debatten dreiar seg no mykje om trafikktrygging og bygginga av vegsystem tilpassa trafikkmengda.

«Dødsvegar» slik som E16 Skaret–Hønefoss og E39 Veibust–Blindheim–Moa, samt til dømes E134 vil sjølvsagt måtte prioriterast milevis før slike hjelpeslause prosjekt som Møreaksen.

I Møre og Romsdal er eksportvegen E136 Ålesund til Bjorli fylkets viktigaste veg, og skulle noko ha fokus på trafikkmønsteret i fylket kunne ein begynne med å faktisk sørge for reell prioritering av denne eksportvegen.

At «Møreaksenklanen» kun ser sine eigne skotuppar er lett å sjå, men heldigvis vil nok denne klanen stå igjen i historia som nokon som forsøkte å bygge noko folket ikkje ville ha.

Så blir nok sikkert ikkje påstanden om Møreaksen som Intercity det siste vanvittige utspelet vi opplever ikring dette galskapens prosjekt. Argumenta for dette vanvittige prosjektet har no tydelegvis teke slutt, og panikken breiar seg no tydeleg når prosjektet no vert skubba ut i øydemarka.

Sakte men sikkert sig det inn på Løvebakken det faktum at dette vanvittige sløseriprosjekt må stoppast ein gong for alle.

Såleis ser ein no reelt starten på slutten for Møreaksen.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Samtidig har norske bønder fått godkjent eit plantevernmiddel, Luna Sensation,  der det eine aktivstoffet er basert på PFAS.  Dette er ...
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasJa, då er nok bekymringa i KS2 rapporten for Kjerringsundet legitim. Er Aukra kommune kredittverdig i 35 år etter eventuell ...
Arne Almaas 5 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøHvis vi legger til de ekstra ressursene som angitt:30 milliarder m³ gass tilsvarer 29,55 millioner Sm³ o.e.50 milliarder m³ gass ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Arne AlmaasDu kan regne du også: Ormen Lange Fase 3 åpner for at feltet kan øke gassproduksjonen med 30-50 milliarder kubikkmeter ...
Arne Almaas 8 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDet er ikke mitt lodd i livet å finne ny gass for det britiske markedet. Jeg belyser fakta tatt fra ...
Geir Ole Sætremyr 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu har definitivt ikkje studert massedisponeringa i dokumenta som SVV har lagt fram. 
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse