Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Kristin Sørheim, Senterpartiet
Ytring
24 juli 2023 11:50
Del på Facebook
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Regjeringa ved Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag om endring av offentleglova. Lova har krav om at alle dokument i offentleg forvaltning skal journalførast og gjev alle rett til å få innsyn i desse dokumenta.

Det finst nokre få unntak, mellom anna at såkalla «organinterne dokument» kan unnatakast innsyn, heilt eller delvis, men dei skal uansett journalførast. Da har ålmenta tilgang til over tittelen på dokumentet, avsendar, mottakar og dato. Regjeringa ønskjer no å fjerne kravet til journalføring av slike interne dokument.

Annonse
Annonse

Det vil gjere det umogleg å følgje med på saksbehandlinga i forvaltninga, få oversikt over kva som blir offentleggjort og kva som blir halde tilbake og korleis ting er vurdert og av kven.

Dette forslaget må vere i strid med sjølve formålet med lova, at samfunnet skal kunne følgje med ei sak frå eit tidleg tidspunkt og kunne påverke saka medan det enda er mogleg.

Annonse
Annonse

Pressefolk er sterkt kritiske og seier at dersom dette går gjennom, kan forvaltninga halde tilbake eit kvart spor som dei sjølve definerer som internt i saksbehandlinga. Somme meiner til og med at forslaget er i strid med Grunnlova.

Regjeringa meiner dagens praksis kan føre til ein «uønska debatt om den pågåande interne korrespondansen og forventingar til bestemte resultat i ei sak og at den frie interne meiningsutvekslinga i organet blir avgrensa». Forslaget er svakt grunngjeve og har møtt stor motbør frå mange hald, naturleg nok!

Demokratiet har alt å tape på meir hemmeleghald og alt å vinne på meir openheit og debatt om saker som betyr noko for folk sin kvardag. Departementa har og andre offentlege organ har vel aldri lika å bli sett i alle korta. Difor har dei vel heller aldri lika offentleglova, som Per Borten kjempa gjennom i 1970. Det bør ikkje vere SP og AP si sak å svekke offentleglova og hindre folk innsyn i forvaltninga.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDer er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDersom du har et snev av geografikunnskap vil du ha fått med deg at eg på vei til Sandsøya så ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse