FrP forhandla inn med Høgre-regjeringa oppstart og nødvendige løyvingar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021, Ap stoppa prosjektet og fjerna pengane frå statsbudsjettet.
At Ap si næringspolitiske talsperson Per Vidar Kjølmoen fortsetter med å spre direkte usannheter er ikkje nytt, men no når han nye høgder.
Når Ap fjerna løyvingane til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2022 og 2023 som FrP sørga for å legge inn i 2021, lurer eg faktisk på kva Kjølmoen driver med, kva har du røyka no Kjølmoen?
At regjeringa no startar opp dette prosjektet etter å ha sørga for å utsette prosjektet og fordyre dette med enorme summar, framstår ikkje akkurat slik Kjølmoen beskriver dette.
Bra at dette prosjektet no kjem på plass, men å holde på slik Kjølmoen i Ap bedriver ligger på ett nivå som rett og slett er politisk lavmål.
Fyrst kutter Ap ferjetilbud, øker ferjeprisane, kutter og stopper Stad skipstunnelen, for så å kutte ferjepriser og starte opp prosjektet dei sjølv har stoppa, og framstiller dette som ein politisk siger, blir rett og slett politisk svindel.
Heldigvis har folk flest og næringslivet avslørt Ap og Kjølmoen for lengst, og retorikken som blir brukt framstår i same stilen som politikken forøvrig frå Ap og Sp.
Skyhøge skattar og avgifter, drivstoff, straum og matvareprisar til himmels samt ei rente som løper løpsk, og med eit Ap som trur at folk flest liker dette.
FrP tar no over drifta og styringa av fylkeskommunen etter valget, og skal vidare sørge for å geleide Sp og Ap ut av regjeringskontora i 2025, dette før Ap og Sp klarer å øydelegge arbeidsplassane her i fylket, med sitt totalangrep mot det meste av næringslivet langs kysten.
Stem FrP, for trygge arbeidsplassar som sikrar hus og heim!
Les også
Ap leverer der Frp sviktet – på Stad også