Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Foto: Berit Roald / NTB
Foto: Berit Roald / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Denne veka handsama vi budsjettet for Møre og Romsdal. Ikkje overraskande kuttar Høgre og FrP i vidaregåande skular og distrikta.

«Da æ va liten unge og låg i lita seng, så vesst æ ingen verdens ting om fattigdom og peng», syng Vømmøl. No veit eg rett nok ein del om fattigdom og pengar, men ein ting har Vømmøl rett i: «Det er itj nå som kjæm tå c sjøl»! Det at vi har ferjer som går, bussar på vegane, desentraliserte tannhelseklinikkar og vidaregåande skular også i distrikta, er eit resultat av politiske val som folkevalde i fylkestinget har teke dei siste åra. Å stå i mot høgresida sin ideologiske og uimotståelege trong til å leggje ned tilbod og tenester for folk på bygda er absolutt ikkje sjølvsagt. Gjennom dei siste åra har Senterpartiet likevel klart å i stor grad satse på distrikta, sjølv om det også har vore tronge budsjett på vår vakt.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

I haust var det val, og no ser det politiske fleirtalet annleis ut. Posisjonen ved Høgre og FrP, og støttehjula Venstre og KrF gjekk i dag inn for massive kutt, særleg innanfor utdanning i budsjettet for 2024.

Lærarar, elevar og utdanningsforbundet er bekymra for kva kutt på kring 75 millionar kutt i vidaregåande opplæring vil føre til. Utdanningsforbundet forventar stopp i innkjøp av til dømes læremiddel, færre programfag på studiespesialisering, samanslåing av yrkesfagklassar i fellesfag og stengde kantiner og bibliotek. Kutta er udemokratiske og i praksis gir politikarane i Høgre og FrP byråkratiet makta til å velje ut kvar det skal kuttast. Likevel er ein ting sikkert: Dette kjem til å gå utover elevane og ungdommane i fylket.

Eg fryktar også at det i forlenginga av dette budsjettet vil kunne føre til nedlegging av skular, der særleg dei minste skulane våre i Stranda og Tingvoll er mest trua. FrP og Høgre garanterer nemleg ikkje for distriktsskulane. Det hjelper heller ikkje å ha vidaregåande skular på bygda dersom ein barberer vekk alt av tilbod, slik som posisjonen legg opp til.

Annonse
Annonse

Senterpartiet ynskjer å ha gode tenester nær folk i heile Møre og Romsdal. Det fordrar at vi sikrar gode vidaregåande skular, og helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og dyktige lærarar. Senterpartiet har også føreslått 1 millionar kroner til auka bortebuarstipend i vårt alternative budsjett. Det å satse på distrikta er ikkje bakstreversk, men tvert om framtidsretta. For kven skal bygge hus og vegar i framtida? Kven skal ta vare på oss når vi blir gamle? Og ikkje minst: Kven skal produsere maten vår og sikre beredskapen vår?

Mykje av verdiskapinga i fylket vårt skjer i distrikta. Mykje av folket vårt bur i distrikta. Møre og Romsdal er eit distriktsfylke. Då treng vi desentraliserte skular i heile fylket.

Det «Itj nå» som kjem av seg sjølv. Ei heller god distriktspolitikk. Det ser ein ikkje mykje av i budsjettet til Høgre og FrP.

Av: Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøKva ÅDT meiner du må inn i regnestykket? Og kva blir bompengesatsen i gjennomsnitt? Husk kva Klimautvalet skreiv i sin rapport. ...
@Geir Ole SætremyrDu legger til grunn historiske ÅDT på ferge for Kjerringsundet. På Nordøyvegen har det vist seg at ÅDT øker kraftig ...
@Terje SundsbøFor å hjelpe på, dekan godt simulere ein pris på 150 for personbil og kompensere med tilsvarand naudsynt takst for ...
@Terje SundsbøKortversjonen er at du ikkje evner å sette opp regnestykket basert på økonomiske fakta. 
@Geir Ole SætremyrKortversjonen er at du ikke kan forklare hvorfor dine fantasitall for bompengene på Kjerringsundet blir så mye større enn på ...
Bergtor Roald Opsett 1 dager siden «Nordstjernen» – en historisk hurtigrute fra 1956
Seilte som deksgutt, sommer 1969. Gode minner, og spesielle minner. Deksstilling passet ikke for meg. Sommer 1975, seilte jeg som Motormann ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse