Statens vegvesen har teke opp 55 million kr i ulovleg lån frå Møreaksen AS, noko departement har bekrefta.
Etter Grunnlovens paragraf 75 tilligger det Stortinget å bevilge pengar til Statens drift, og det er berre Stortinget som kan pådra seg gjeld.
Det utløste derfor både vantro og kraftig kritikk av Justisdepartementet styringsrutiner då det i fjor haust kom for ein dag at NSM hadde tatt opp eit lån på 200 mill kr.
Møreaksenklanen skyr absolutt ingen midlar, og driver med brot på Norsk lov for å nå sine mål.
Her har Statens vegvesen ikkje fått midlar til arkeologiske undersøkelsar, men gjev blaffen i dette og går til Aukra kommune og Møreaksen AS og bryt Norsk lov for å skaffe seg ulovlege midlar.
Samferdselsministeren hevdar at det ikkje er forbrukt midlar av dette lånet, som om dette skulle bety noko som helst av formildande art, lovbrot er lovbrot.
No dukkar det derimot opp dokumentasjon ikring dette ulovlege lånet, både frå Aukra kommune og Kjerringsundet AS, som kan sjå ut til at statsråden ikkje har rett.
Her er mykje «godsaker» for Riksrevisjonen vil eg tru, då dette framstår som ein gedigen saus, og ei svært alvorleg sak.
Lover og regler gjelder ikkje for Møreaksen ser det ut til, i kjent stil der dei opererar med sine udemokratiske prosessar utan innsyn, samt totalt imot folkeviljen i heile fylket.
Samferdselsministeren og regjeringa samt Vegdirektøren må svare for korleis dette ulovlege lånet er mulig, og kva konsekvensane for Statens vegvesen region midt skal bli.
Eg har lenge hevda at enkelte sentrale personar i Statens vegvesen region midt opptrer som ein «stat i staten» og på ein måte vi slett ikkje skal godta.
Det blir forventa at Samferdselsministeren og Vegdirektøren ryddar opp, og at dei ansvarlege i Statens vegvesen blir stilt til ansvar.
Det same gjelder Møreaksen AS samt resten av «lobbyvirksomheiten» ikring dette skandaleprosjektet Møreaksen, som også må grundig gåast igjennom i sømmane.
Dette minner dessverre om handlingsmåtar korrupte regimer andre stadar i verden gjennomfører, og tendering av slike handlingsmåtar skal vi slett ikkje ha i eit demokratisk land som Norge.
Møreaksen må no stoppast ein gong for alle, skattebetalarane sine pengar skal slett ikkje bli brukt på slike useriøse sløseriprosjekt.