Når no galskapens prosjekt Møreaksen er rydda ut av NTP, er tida klar for full gass og fokuset på reelle vegprosjekt her i fylket.
Alt for lenge har Møreaksen fått løyve til å «torpedere» alle andre vegsamband.
E136 frå Ålesund til Bjorli burde vore ferdig for lengst. Her har galskapens planlegging av Møreaksen knabba all plankapasitet i tiår etter tiår i Statens vegvesen region Midt.
Likeså «dødsvegen» E39 Solevågseidet–Blindheim–Moa, som er av landets farligaste vegområde med over 22.000 bilar i døgnet har også effektivt blitt skvisa.
Same skjebne har Voldatunellen, Strynefjellet, rv. 70 osv. fått merke.
No kan vi som ynskjer å bygge veg folket i fylket vil ha, gje full gass og ha stødig fokus på desse prosjekta, der mi rolle i Transportkomiteen og på Stortinget får ei viktig oppgåve i dette.
Ei ny borgarleg regjering om ca. 1,5 år kan sørge for at E136, «dødsvegen» E39 Solevågseidet–Blindheim–Moa, rv. 15 Strynefjellet, Voldatunellen og rv. 70 igjen kan kome fram frå dei mørke skapa til Statens vegvesen.
Og, den egentlige Eksportvegen frå både Nordmøre og Moldeområdet, Langfjordkryssinga kan no godt børstast støvet av for å få løfta fram, og kunne bli realisert.
Eg skal ivertfall passe på kva Statens vegvesen region midt kjem til å bedrive tida si med i åra framover, at dei fortsetter å sløse pengar på prosjekt folket ikkje vil ha, er det no brått slutt på.
Så må storsamfunnet ta lærdom. Lærdom av at «kokkelimonkemiljø», ikkje skal få lov til å sløse vekk ca. 500 mill kr av skattebetalarane sin pengar ein gong til, slik den dyre erfaringa er frå Møreaksen.
Reelle, gode fornuftige vegprosjekt som faktisk tjener folk og næringslivet i heile fylket skal prioriterast.
Møre og Romsdal trenger ei regjering som prioriterar dette fylket, då er fasiten for å kunne få dette til eit enda sterkare FrP.