Leiar i Energi-og miljøkomiteen på Stortinget, Ingvild Kjerkol er fornærma over å ha blitt kritisert for å stille i reportasje ilag med Fornybar Norge. Ho påstår at ho blir kritisert av ein rein lobbyorganisasjon; Motvind Norge. Det er mildast talt å vri på sanninga.
Ho får etter mitt syn fortent kritikk av Motvind Norge, ein frivillig organisasjon som jobbar mot vindraft ,og for natur og miljø. Organisasjonene Kjerkol så entusiastisk stiller opp ILAG MED og promoterer er den svært aktive og pågåande LOBBYORGANISASJONEN FORNYBAR NORGE som vil sikre investorar tilgang til norsk natur for økonomisk vinning.
Det er ikkje vondt å snakke om vind. Eg er glad i vind, både den milde og den voldsomme. Men vindkraft er vondt både å snakke om og leve med. Er ho interessert i kvifor vi ikkje snakkar om vindkraft på Haramsøya? Fordi det splittar naboar, familiar og skaper splid i bygdene. Fordi det har øydelagt naturen som er så viktig for vår identitet og ein vesentleg grunn til å bu der vi bur. Fordi det er så belastande for samhaldet at det ikkje kan snakkast om.
Men å vere glad i heimbygdene og nærnaturen er ein følelse, og å føle er ikkje tillatt og gjer oss mindreverdige i vindkraftauga. Og Kjerkol ser på fjell og folk på samme måte som investorane og lobbyistane: Ovanfrå og ned.
Kjerkol skriv ho er så glad for å bruke tid på miljøvernorganisasjonar osv, men vil ho møte – og lytte til – Motvind Norge? Dei representerer eit stort antal medlemmar. Hittil har ho kun gått til angrep i samme stil som Fornybar Norge. Det tyder på aukande panikk i vindkraftleiren når dei angrip spelaren og ikkje ballen.
Det gleder meg stort å sjå at så snart trussel om utbygging kjem til eit område, kjem motstanden i gang – ryddig og effektivt. Oftast med god hjelp av nettopp Motvind Norge. For når folk innser dei faktiske konsekvensane av ei vindkraftutbygging i sine nærområder, blir Fornybar Norge sine myter avliva.
Med direkte utsikt til eit vindkraftverk finn eg det umogleg å tru at denne ustabile produksjonen kan redde noko som helst. Vindkraft har tatt enorme areal, og utgjer kun om lag 11 % av Norge sin straumproduksjon. 11 % uforutsigbar, uregulerbar produksjon. Kjerkol oppfordrar til å ha fleira tankar i hovudet på ein gong. Synd at ho ikkje har plass til å tenke på andre energikilder enn ineffektiv vindkraft.
Naturkrisa er like stor som klimakrisa. Og der er ikkje noko realisme i at vindkraft framover blir bygd i det som ho kallar «grå» områder. Dvs. områder med allereie utbygd industri. Har ikkje Kjerkol satt seg det minste inn i kva områder det no blir søkt om konsesjon i? «Vi må ikke gjenta tabbene der fjellandskap og naturperler ble skjemmet av storstilte vindparker som lokalbefolkningen var imot.» Det har ei enkel løysing: Ikkje meir vindkraft!
Haga i Fornybar Norge leier energiministeren i eine handa og leiar i energikomiteen i andre: Eit destruktivt trespann. Farlege for norsk natur og demokrati. Redninga er grasrota og dei frivillige organsisasjonane som t.d.Motvind Norge. Lytt til dei!
Les også
Naturvern må prioriteres over kortsiktig økonomisk gevinst
Les også
Hvorfor gjør det så vondt å snakke om vind?